Såg hestehovudet i spegelen

Tre ungjenter skulle ri oppe på fjellet, og Jørgensen hadde køyrt hestane opp til Kritlelia. […]

Tre ungjenter skulle ri oppe på fjellet, og Jørgensen hadde køyrt hestane opp til Kritlelia. Ei av jentene, Elisabeth Mannes, skulle ri på den 15 år gamle merra Troyfunn, som ho hadde lånt av Mette Lise Hansen.
Vel oppe til fjells, såg dei at Troyfunn hadde rive av seg eine hesteskoen. Då Jørgensen og Mannes var på veg ned Kritlelia med Troyfunn for å byta sko, utspann dramaet seg.
— Eg høyrte ein lyd som eg skjønte var noko anna enn eit hestespark. Det var døra framme på hestehengjaren som small opp. Eg såg i sidespegelen på bilen, og var ikkje lite overraska då eg såg hestehovudet. Ut kom hesten, med bommen på slep, fortel Jørgensen.
— Kor fort køyrde du då dette skjedde?
— Eg vil tru 20 km/t. Hesten var heilt ute av hengjaren før bilen stod stille. Eg var forsiktig på bremsepedalen. Eg var redd for at dersom eg bråstoppa, så ville hesten ha fått større skader, seier Jørgensen.
Kva som kunne ha skjedd dersom hesten hadde kome fykande ut sidedøra i 80 km/t på ein travel hovudveg, vil han helst ikkje tenkja på.
Forundra produsent
Jørgensen lurer på om bommen som held hesten, gav seg på grunn av ein produksjonsfeil. Metallbommen, som går over brystkassen på hesten, er sikra med ein stålkrok i enden av ein liten kjetting. Det var denne stålkroken som gav etter på veg ned Kritlelia. Når bommen losna, vart hesten pressa fram mot døra, som gav etter.
Jørgensen fnyser over stålkroken, som let seg bøya fram og tilbake med handemakt.
— Når dei lagar ein hestetilhengjar til 40.000 kroner, kunne dei godt spandera litt meir enn 20 kroner på denne kroken, synest han.
Jørgensen syner kor lite som skal til for å bøya kroken. Det er fire slike krokar i denne Gaupen-hengjaren, og alle er like veike.
Driftssjef Terje Frydenlund i Gaupen-Henger AS er forundra over det som har skjedd. Den vesle familiebedrifta i Ringsaker i Hedmark leverer 1200 hestehengjarar kvart år, i Noreg og i Sverige. Sidan dei starta produksjonen i 1973, har dei aldri høyrt at noko slikt har skjedd med hengjarane deira.
— Me tek ei slik hending alvorleg, og me vil ha alle kort på bordet og finna ut kva som har skjedd. Eg har bede Jørgensen om å senda kroken hit, slik at me kan analysera han. Stålkroken skal ikkje gje etter, seier Frydenlund.
Frå nyttår kom det nye, mykje strengare krav til typegodkjenning av tilhengjarar i Sverige. Hestehengjaren Jørgensen brukte, er tilpassa dei nye tryggleikskrava.
— Krava til godkjenning er mykje strengare i Sverige enn i Noreg. Denne tilhengjartypen har vore på testing hjå Svenska Vägverket. Me har brukt mykje ressursar på å koma gjennom nålauget hjå dei svenske vegstyresmaktene, seier Frydenlund.