Klokka tre natt til laurdag, ringte bilføraren til politiet og varsla at bilen han førte hadde hamna utfor vegen på den gamle fylkesvegen mellom Skånevik og Etne. Han forklarte samstundes at utforkøyringa skuldast eit rådyr.
Politiet fatta mistanke til den «ville» forklaringa og oppsøkte sjåføren i heimen hans seinare på natta. Der bles han såpass «raudt» at han måtte avgi blodprøve. Han måtte også levera frå seg førarkortet.
Bilen blei liggjande på taket utanfor vegbanen. Det var ingen personskade, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Såg rådyr – bles raudt
Klokka tre natt til laurdag, ringte bilføraren til politiet og varsla at bilen han førte […]