Alle tre vart melde av kona til Rundhovde for diverse forhold, bl. a. dokumentfalsk og underslag. Saka er no henlagt fordi politiet vuderer det slik at dei tre ikkje har gjort noko straffbart.
Kloster seier det er tilfredstillande at både politi og bustyrar konstaterer at han ikkje har gjort noko ulovleg i Rundhovde-saka. Harsvik har heile tida visst at han ikkje har gjort noko gale, seier han. Han legg også til at Rundhovde-saka var medverkande til at han i dag ikkje driv advokatpraksis. Kvifor ei slik avgjerd skulle vera naudsynt sjølv om han var/hadde vore Rundhovde sin advokat, er uforståande for meg.
Ein skal vera varsam med å gå i rette med politiet, men det er fleire enn meg som undrar seg over at det i dei dokument politiet har fått overlevert, ikkje er straffbare forhold. Me vil derfor ikkje slå oss til ro med henlegginga, men gå vidare med saka slik me har høve til.
Det er difor ikkje rett slik ei av avisene skreiv at saka no er avslutta. Eg ser at «informanten» til Kvinnheringen utfrå opplysningar vedkomande kjem med, ikkje kan vera heilt oppdatert i saka.
Reidun Olsen