Saknar næringssjef i kommunane

Om dei rundt 40 personane som var samla i Vindafjordhallen tysdag gav fellesnemnda for samanslåing […]

Om dei rundt 40 personane som var samla i Vindafjordhallen tysdag gav fellesnemnda for samanslåing av Ølen og Vindafjord kommunar dei svara dei ønskte seg, er ikkje lett å seie. Men bedrifter og næringsverksemder i dei to kommunane var inviterte til å kome med tankar om korleis dei saman skal leggje eit godt grunnlag for å byggje opp under kommunane sin visjon om ein livskraftig distriktskommune på indre Haugalandet.
Arrangørane hadde nok ønskt fleire på møtet, men meinte at møte på dagtid kunne vere grunnen til at ikkje fleire kom.
Innspel
Prosjektleiar for samanslåinga og rådmann i Nye Vindafjord kommune, Helge Thorheim, meiner møtet med næringslivet gav mange innspel, som det vil bli arbeidd vidare med.
— Eg tykte dette var ein god start. Det kom inn mange verdfulle innspel som det vil bli arbeidd vidare med, seier han.
Ordførar Reidar Håvås i Vindafjord kommune seier det første møtet med næringslivet lovar godt for samfunnsutviklinga, og er eit bidrag i å forsterka den nye kommunen.
Ordførar Arne Bergsvåg i Ølen kommune er glad for at dei som møtte, viste interesse for at det blir eit fora i den nye kommunen der næringslivet og kommunen kan kome saman.
— I dag er dette arbeidet skore heilt ned i begge kommunar. Difor må det vere eit mål at vi greier å løfte dette opp i den nye kommunen. Dette er starten og eg er glad for det som kom fram i dag når det gjeld næringslivet, seier han.
Gruppesvar
Deltakarane var delte inn i grupper, og svara vart lagde fram i plenum. Oppgåva gjekk i første rekkje på å kome fram til tiltak som la vekt på å styrkje grunnlaget for samordna næringsutvikling og kulturliv i distriktet.
Svara hadde eit vidtfemnande innhald. Alt frå at dei offentlege kontora må samlast i Ølen, til at kommunen må bli ein god kommune å bu i med barnehage, kulturtilbod og gode ungdomsmiljø, var tatt med. Kreativitet, som å byggje vidare på erfaring frå elevbedrifter, kom også fram.
Må styrke næringslivet
Når det gjeld næringsutviklinga var fleire av gruppene innom kor nødvendig det er å ha ein positiv og engasjert næringssjef. Fleire viste døme på ting som hadde blitt gjort den tida kommunane hadde næringssjefar.
Næringslivet vil bli styrka ved å ha sakshandsamarar ein kan vende seg direkte til, vart det sagt.
Støtteordningane er mange, og det er difor viktig at det er personar i administrasjonen som kan vere til hjelp når det gjeld å få tak i midlar.
Fleire frå næringslivet ytra ønskje om at det blir arbeidd med å få konkrete samarbeidstiltak mellom næringslivet og kommunen på plass i den nye kommunen.