– Saman er me sterkare

Onsdag møttest dei to formannskapa til felles møte i Sauda. Victor Carlsen jr., leiar i […]

Onsdag møttest dei to formannskapa til felles møte i Sauda. Victor Carlsen jr., leiar i interimsgruppa, presenterte planane om tunnel mellom Etne og Skånevik for formannskapet i Sauda i håp om å få støtte frå saudabuen. For tunnel mellom Etne og Skånevik vil ikkje berre gagna lokalbefolkninga.
— Det kan verka som ein lokal vegstubb, men det er viktig for heile regionen, frå Ryfylke til Bergen, sa Etne-ordførar Amund Enge (H) til Sauda-politikarane.

Samla prosjekta
Tanken er at Sandsfjord bru, tunnelen mellom Sauda og Etne og Skånevik og Etne vil bli ein del av den indre stamlinja mellom Ryfylke, Sunnhordland og Bergen.
— Sauda, Etne og Kvinnherad vil vera sentrale knutepunkt langs denne linja, sa Carlsen jr., som fekk god respons då han presenterte planane for formannskapet i Kvinnherad.
På andre sida av Etne-fjellet jobbar Harald H. Løland med å få gjennomført Ryfylkepakken, som blant anna inneber Sandsfjord bru og tunnel mellom Sauda og Etne. 1. februar i år starta han i jobben som prosjektleiar i Ryfylkevegen AS. Onsdag lanserte han ideen om også å samla Skånevik-tunnelen i det same prosjektet.
— Me må komma med ein samla plan og ikkje kvar våre prosjekt. Det blir så mykje enklare viss me kan samla oss og vera ein front. Då står me så mykje sterkare, sa Løland til dei to formannskapa.

Ein arbeidsmarknad
Løland la vekt på at med ei realisering av nye vegprosjekt vil arbeidsmarknaden opna seg opp.
— Me må få Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord til å presentera seg som ein arbeidsmarknad. Får me Sandsfjord bru, tunnel Sauda-Etne og Skånevik-Etne er me innanfor ein arbeidsmarknad på ein time. Då byrjar det å bli akseptabelt. Det er nesten ein draum at Sandsfjord bru og Sauda-Etne og Skånevik-Etne kunne vore eitt prosjekt, sa Løland.
Carlsen jr. er positiv til eit samarbeid med Ryfylkevegen.
— Dette synest eg me må drøfta ganske seriøst. Saman er me sterkare, seier han.

Kortare reisetid
Tanken om tunnel mellom Sauda og Etne er ikkje akkurat fersk. Sauda-ordførar Laura Seltveit (Ap) viste til at i 1955 var det for første gong kontakt og forslag frå Sauda om veg gjennom Nordstøldalen til Etne.
Løland jobbar etter ein framdriftsplan som inneber å ha tunnel Sauda-Etne klar i 2011. Tunnelen står i dag på Nasjonal Transportplan, men er ikkje fullfinansiert.
— I dag kjørte de halvannan time. I framtida vil det kunna gå på 13-15 minutt, iallfall frå nord i Etne, sa Seltveit til gjestene frå Etne.
Varaordførar Ida Gauthun Djuv (Ap) i Sauda syntest planane om Skånevik-tunnelen høyrtest spennande ut.
— Eg synest me har det same bakteppet. Me ynskjer utvikling og næring. De snakkar om at det handlar om livet og me ynskjer det sterkt og har gjort det lenge. Eg blir entusiastisk av dette og føler vegen kjem snart, sa Ida Gauthun Djuv (Ap), varaordførar i Sauda.
I fjor hadde Sauda ein folketalsnedgang på 50 personar. Dei siste 20 åra har folketalet gått ned med 1.500.