Saman for born

Tv –aksjonen går til born som på ein eller annan måte er ramma av HIV […]

Tv –aksjonen går til born som på ein eller annan måte er ramma av HIV eller aids i ulike delar av verda. Det trengs berre ei krone for å gje eit barn medisin i ein dag. Rundt om i bygdene våre har frivillige gått frå dør til dør og denne saka har rørt mange i hjartet.
— Eg såg på eit program om dette her for nokre dagar sidan, og innhaldet fekk det til å gjera vondt langt inni meg. Tenk kor forferdelig mange born har det medan me lever i ei slik overflod, seier Lillian Haaland frå Skånevik.
Ho hadde gått rundt med pengane i lomma heile dagen i tilfelle ho møtte på bøsseberaren medan ho var ute.
— Eg gir pengar med glede! Det er så mange ting å gje til nå for tida, det er vanskelig å vita kva formål som er dei beste. Men denne saka har eg tru på, og støttar gjerne, seier Haaland.
Bøsseberar Marta Synnøve Sveen seier seg einig i at dette er ei flott sak å støtte. Også ho, har latt seg røra av tv -bileta av dei sjuke borna som knapt kan halda hovudet oppe av smerte.
— Det er heilt forferdelig å sjå korleis det er nokre plassar i verda, når me har det så godt her. Eg melder meg gjerne som bøsseberar til ei slik sak. Og det er ein takksam jobb, alle veit at i dag kjem det folk på døra og dei fleste står klar med pengane. Ingen sure miner å sjå, seier Sveen, i det ho tar bøssa og ruslar vidare på løypa si i Skånevik.

Resultat:
Etne kommune: 197 000 kroner, mot 157 000 kroner i fjor.
Vindafjord kommune: 296 000 kroner, mot 311 000 i fjor.