Samarbeid om PPT raknar

Til liks med fagmiljøet i Ølen og Vindafjord, gav Etne kommune klare signal om at […]

Til liks med fagmiljøet i Ølen og Vindafjord, gav Etne kommune klare signal om at eit nytt PPT-kontor for dei to kommunane burde plasserast langs E134 slik prosjektgruppa i nye Vindafjord gjekk inn for.
Etter at avtalen med Etne var ferdig og godkjent både av rådmannen og ein politisk komité, vart det så kjent at nye Vindafjord vil plassere kontoret i Vikedal.
Det har ført til eit opprør blant mange kommunestyrerepresentantar i Etne der dei ikkje berre stiller spørsmål ved lokalisering, men om avtalen er akseptabel.

Ut med badevatnet
At både prosjektleiar Helge Thorheim og arbeidsutvalet for nye Vindafjord ser vekk frå ønsket om ei meir sentral plassering enn Vikedal, blir tatt som eit signal om at avtalen ikkje gir Etne nokon som helst påverknad på PP-tenesta.
Ordførar Amund Enge (H) og Oddvar Åsheim (Ap) åtvara mot å dra avtalen inn i diskusjonen. Høgre la fram eit forslag om å godkjenne avtalen med vilkår om at ein kan forhandle fram ei anna lokalisering enn Vikedal.
Fleire åtvara mot eit for drastisk vedtak i og med at det er lokaliseringa som har skapt misnøya med PPT-samarbeidet, og ikkje avtalen. Det kan bli som å kaste barnet ut med badevatnet sidan avstanden til Tysvær eller Kvinnherad ikkje er noko kortare.

Vil gå til andre
Victor Carlsen (Krinslista), Ingvor Gundegjerde (Sp) og varaordførar Siri Klokkerstuen (Ap)stod i spissen for dei som ser på lokaliseringsstriden som dråpen som veltar heile avtalen. Gundegjerde og Carlsen stod bak fleirtalsvedtaket som avviser avtalen slik den er, og vil ha ein ny der Etne får ein likeverdig stilling saman med nye Vindafjord.
I dette vedtaket blir det også sagt at Etne skal ta kontakt med andre kommunar med tanke på eit PPT-samarbeid. Carlsen kom til kommunestyremøtet med eit brev frå Kvinnherad kommune som stiller seg positiv til eit slikt samarbeid.
Klokkerstuen og Carlsen sit i PPT-styret for Etne og Ølen i dag, og dei fryktar ei rasering av tenesta ved at fagfolk flyktar til andre jobbar. Dei hevda at verken styret eller tilsette i tenesta har fått informasjon om kva som skal skje, og at det skapar uro og frustrasjon.
I følgje Carlsen er vektlegginga av samlokalisering med sosialkontor og barnevern eit tilbakesteg når det gjeld stigmatisering av tenesta.

Forsvarte avtalen
Avtalen inneber at nye Vindafjord er arbeidsgjevar og lagar budsjett for tenesta. Saman med eit samarbeidsorgan definerer det Etne sin plass og innverknad på tenesta.
Enkelte meiner det i praksis er ganske identisk med kjøp av ei teneste, noko som ikkje er i tråd med lovverket. Men fylkesmennene i Hordaland og Rogaland har godkjent avtalen.
Det var Etne kommune som tok kontakt og ville ha ein avtale med nye Vindafjord sidan avtalen med Ølen går ut til hausten på grunn av kommunesamanslåinga.
— Eg meiner avtalen var grei ut frå føresetnadane. Men med tanke på Fjæra og Skånevik er det vanskeleg å godta Vikedal som kontorstad for tenesta. Vi må uansett gå i forhandlingar med nye Vindafjord og sjå om vi får noko å kome tilbake til kommunestyret med, seier Enge.

Forhandle med fleire
Rådmann Elling Hetland opplyser at vedtaket ber om ein ny samarbeidsmodell, og dermed er eit IKS (interkommunalt samarbeid) einaste alternativet. Det har ikkje vore på banen tidlegare, og er truleg ikkje akseptabelt for nye Vindafjord.
— Vedtaket inneber også at vi går i forhandlingar med andre kommunar. I forhold til nye Vindafjord betyr vedtaket at ein må tenkje heilt nytt. Uansett kven det blir, er det ei utfordring å få på plass ei ny teneste til august, seier Hetland.
Kommunestyret valde også ein forhandlingskomité med varaordførar Siri Klokkerstuen, leiar i komité Folk Arnold Solheim, pluss rådmannen.