Leiaren i Skånevik Musikklag, Hildegunn Larsen, og leiaren i Etne Musikklag, Anlaug Tesdal, er nøgde med samarbeidet dei har hatt denne hausten. Dette er det første prosjektet dei har saman, men det er ikkje første gongen dei har spelt i lag.
— Musikkorpsa våre har vore gjestekorps hjå kvarandre tidlegare, så me har eit godt forhold frå før, seier dei to smilande leiarane.
Det var etter ein opptreden saman forslaget kom om dei kanskje skulle starta eit prosjekt saman. Larsen og Tesdal fortel vidare at dei har måtta tilpassa seg til kvarandre.
— Etne janitsjarkorps blanda med Skånevik brasskorps er ikkje berre – berre, så ein del tilpassingar måtte me ha.
Dei fortel òg at dirigenten, Per Ove Paulsen frå Sagvåg, var einig i at dei to musikklaga skulle prøva på noko slikt saman. Han har dirigert begge musikkorpsa ved forskjellige prosjekt, så han kjenner begge godt.
— Me er veldig glade for å ha han med oss, han er ein profesjonell dirigent, så han har eit travelt program. Han er veldig flink, seier Larsen.
Anlaug Tesdal fortel at dei ikkje har spelt så mykje av The Beatles tidlegare.
— Det låg eigenleg litt i korta at det var The Beatles sin tur no. Me har snakka om det ei stund, og me vart samde om å prøva, seier ho. Hildegunn Larsen legg til at det har vore kjekt berre å konsentrere seg om denne musikken.
— Musikken er jo kjent for dei fleste, ein treng ikkje å ha levd på 1960-talet for hugse fleire av låtane deira, meiner ho.
Dyktige folk
Og tar ein turen til Kulturhuset i Etne på fredag, eller Skånevik Kultur- og Idrettshall på laurdag, er sjansen stor for at du får høyra låtar som du kjenner att, og føler for å synge med på. Slagerane «Yesterday», «Penny Lane» og «Hey Jude» er nokon av låtane publikum får servert av dei omlag 40 musikarane som utgjer Etne- og Skånevik Musikklag.
— Me har i tillegg fått med oss flinke solistar, saman med Lasse Jarmer på piano, Anders Lunde på bass og Nils Halleland på gitar. Dei er svært dyktige, seier Hildegunn Larsen og Anlaug Tesdal.
Konferansieren på dei to konsertane vert haugesundaren Jarle Bruntveit. Namnet er for somme ukjent, men mange hugsar han igjen frå årets TV-aksjon.
— Eg gler meg til å koma inn å væra konferansier, musikken til The Beatles overgår mykje av musikken me har i dag, dessutan har eg veldig lett for å la meg rive med, seier ein spent Jarle Bruntveit.