Siste laurdag før jul var det konsert med Hanne Krogh i ein fullsett kinosal i Etne Kulturhus. Gjennom ord og tonar hadde ho bygd opp konserten med hendingar knytte til Bibelen.
Søndag inviterte ungdomsgruppa Feedback til julekonsert i Skjold kyrkje. For høvet hadde dei bygd opp ei stor scene med profesjonelt opprigga utstyr i kyrkja. Også dei samla fullt hus med 400 personar på kyrkjestolane.
Dei to konsertane hadde same bodskap, men nytta kvar sine konsertrom. Hanne Krogh ein kinosal og Feedback eit kyrkjerom. Det viser at det er ikkje rommet og det utvendige som tel. Det er bodskapen i det som blir vist fram og forkynt.
I dag kan det verka som sjølvsagt for dei fleste. Men ikkje for alle.
Det er framleis dei som ikkje kan setja sin fot i eit kulturhus eller eit samfunnshus, same kva bodskapen er. Grannar har fått ferske reaksjonar på det. Heldigvis er det ikkje mange som reagerer på den måten.
Den nye kyrkja i Skjold er eit flott døme på korleis ei moderne kyrkje kan brukast. Ved å rigga opp utstyr og høgtalarar for å få den rette krafta i konserten, opnar dei kyrkjedøra for fleire enn dei som til vanleg går i kyrkja. På same måten opnar Etne Kulturhus dørene for dei som gjerne går i kyrkja for å få med seg den kristne bodskapen.
Frå kvar sin ståstad har Hanne Krogh og Feedback vore med og fjerna dørstokken, som ofte kan vera ei hindring å komma over. Det må vera i tråd med julebodskapen.
Me ynskjer alle våre lesarar ei god og fredfylt julehelg.
Aslaug Olden Mala,
asvarleg redaktør