Same vêret året rundt

I det mørkegrå junivêret slo to Ølenspensjonistar av ein prat, gjennom vindauget på ein skinande […]

I det mørkegrå junivêret slo to Ølenspensjonistar av ein prat, gjennom vindauget på ein skinande blank Volvo årgang 1957.
— Dette er ikkje vêr til å reisa på ferie i, fastslår Lars Stangeland. Han har vore ein tur på Sørlandet, men han har ikkje nokre konkrete reiseplanar for resten av sommaren.
— Det var betre somrar før. Då kunne me tørka høy på bakken, legg han til.
— Eg er samd, men du veit at me har ikkje skikkelege vintrar heller. Det er ikkje stor skil på temperaturane sommar og vinter, fastslår Norald Lone.
Han har ikkje vore på ferie i år, og han trur heller ikkje det vert anna enn nokre småturar. Sørlegare breiddegrader med sikker sommarsol fristar ikkje dei to karane.

Betre å arbeida
Ungdomsskulejenta Evelyn Veim frå Ølensvåg skal arbeida heile sommaren.
— Det er så stygt vêr. Det er betre å vera heime og jobba, meiner ho, sjølv om ho saktens synest det kunne ha vore kjekt med ein tur til sol og varme.
— Eg synest og det er verre somrar nå enn før. Men det var ein sommar det var knallfint vêr. Er det ikkje to år sidan, mon tru?

Sekk med vinterklede
Familen Bjelland-Bjørnevik frå Skjold og Nedstrand var fredag ettermiddag på veg til ferie i Vågslid.
— Det er synd, dette her. Me har byrja på ferien, men me lyt venta på sol og varme, seier mor og bestemor Bjørg Vigdis Bjelland.
— Det må bli betre, fastslår mannen hennar, Paul Bjelland.
— Me går i akkurat same kleda heile året. Nå har me ein heil sekk regnklede med til Vågslid, smiler kona.

Skal på utandørsbryllaup
— Sommarvêret? Dette er bånn i bøtta, seier Åshild Blikra bestemt. Smilet er likevel ikkje langt unna.
— Me skal til Bø i Telemark på ferie. Og så skal me til Danmark i bryllaup, utandørs i eit telt! Så me håpar på fint vêr då, legg ho til.
— Det er slett ikkje likare heime i Vikedal, fastslår svigerinna Gunnbjørg Aarekol. Ho håpar at det kjem seg i august, for ho tenkjer å venta med ferien til dess.
— Ja, det skulle bli fint vêr i august, var det ikkje så? Me får kryssa fingrane og håpa at godvêret kjem, meiner Blikra.