Samlar historier frå heimbygda

Med seg til Bjoa har Oddbjørn også sin australske kjærast Sinead Gilna. Dei jobba saman […]

Med seg til Bjoa har Oddbjørn også sin australske kjærast Sinead Gilna. Dei jobba saman på filmprosjekt i studietida, og no vil dei halde fram samarbeidet. Første punkt på lista til Oddbjørn er å gjere ferdig ein film frå Stillehavsøya Samoa, der han var i jula. Men han vil også gripe fatt i heimbygda medan han er heime det neste halvåret. Målet er å samle historier frå Bjoa i bokform.

Lokale forteljingar
— Eg kjenner alle dei gamle her på Bjoa, og dei har alle historier å fortelje. Eg vil få dei til å fortelje sine favoritthistorier, og kanskje ta dei med på ein plass der det skjedde noko, seier Oddbjørn.
Den unge filmskaparen vil nemleg ikkje berre halde på me film. Han vil også lage bok, og no vil han skrive ned det den eldre generasjonen på Bjoa har av kunnskap og opplevingar frå heimbygda si. Han vil også fotografere til boka, som skal handle om alt frå krig og forelsking, til namna på lokale plassar og ting, har han tenkt. Sinead vil også vere med på prosjektet, så Oddbjørn må vente nokre veker før han går ordentleg i gang, for at ho skal få lært seg litt norsk først. Det praktiske kring trykking, finansiering og distribusjon har han ikkje tenkt på ennå, men han trur det vil finnast støtteordningar dersom han søkjer der han har ein sjanse.

Ut i verda igjen
Bokprosjektet vil paret halde på med parallelt med at dei bur i barndomsheimen til Oddbjørn og tar jobbar i distriktet for å tene pengar.
— Her har eg tid, seier han, og meiner at det å rett og slett ha tid er noko av det beste med å vere heime.
Målet er å reise ut i verda og studere meir om eit halvt år igjen. Paret vil til Sør-Ameika og lære spansk. Det manglar ikkje på planar.
— Eg har heile tida ein idé, og det har alltid vore slik. Men no har eg noko å slå i bordet med, seier han, og siktar til filmutdanninga frå Perth i Australia.
— Eg veit at eg må satse for å få det til, legg han til.
Draumen er å reise rundt og lage dokumentarfilmar, som er den genren han interesserer seg mest for.
— Eg elskar å observere folk, seier han.

Avgangsfilm
Då han skulle lage avgangsfilmen under studietida, bestemte han seg for at han ville observere eit anna filmteam, og ganske enkelt lage film om dei. Han seier det skjer så mykje når eit heilt filmteam er i gang, at det fort blir ein del intriger. Men det lukkast ikkje Oddbjørn å få gjennomført denne ideen, og han blei i staden med og laga filmen «Beat».
— Den handlar om tre gutar som bankar opp ein som er homofil. Filmen handlar om korleis dei tenkjer, føler og opplever det dei har gjort, seier Oddbjørn.
Avgangsfilmane frå Perth er i ettertid med på ulike festivalar, og dei blir viste på eit arrangement der bransjefolka i byen kjem for å spore opp nye talent. Oddbjørn fekk ikkje med seg dette, fordi han måtte reise.

Film frå Stillehavet
Det førebelse høgdepunktet i filmkarrieren til Bjoa-patrioten er ein dokumentar han tok opp på Samoa førre jul. Den er han ikkje heilt ferdig med ennå. I filmen fokuserer han på julehøgtida på Stillehavs-øya, som han meiner skil seg ein del frå vår julefeiring. Han brukar ord som fredeleg og sosialt for å beskrive feiringa deira.
— Eg har laga filmen på privat rekning, og den kosta meg skjorta, seier Oddbjørn.
Han sat på skulen og redigerte filmen, før han reiste tilbake til Noreg nyleg. No vil han finne ein stad her der han kan leggje siste hand på verket, før han prøver å selje filmen. Håpet er at den skal bli vist på TV.
— Det var ikkje for pengane si skuld at eg laga filmen, men det hadde vore fint å få dekka utgiftene, framhevar den unge filmskaparen.
Opphaldet med lokalbefolkninga på Samoa var same kva ei stor oppleving som gav meirsmak.