Utan landbruk – eit anna land

Dette gjeld både for oss sjølve og for turistar på besøk. Ikkje uventa innleia NHO […]

Dette gjeld både for oss sjølve og for turistar på besøk. Ikkje uventa innleia NHO Reiseliv i fjor eit samarbeid med Bondelaget. Bransjeforeininga for denne vekstnæringa er klar på at det ikkje er krattskog og attgrodde teigar turistane kjem for å sjå. Det same understrekar NRK sin reiseguru Jens A. Riisnæs. Han meiner det først og fremst er «den berørte natur» som fascinerer turistane, og omtala nyleg kulturlandskapet vårt som «eksotisk i verdssamanheng». Vi skal òg hugse at då National Geographic Traveler i 2004 kåra dei norske fjordane til verdas beste reisemål, så var det kombinasjonen av natur og levande tradisjon som vart trekt fram i grunngivinga, ikkje naturen aleine.
Kor kortsiktig blir det ikkje då å skulle avvikle landbruksstøtta, slik Frp går inn for? Eller å ta forhandlingsretten frå bøndene, slik både Høgre, Venstre og Frp vil? Regjeringspartia og KrF støttar forhandlingsretten, som del av eit reelt demokrati og som uttrykk for at vi ser landbruket som ei framtidsnæring.
Landbruksstøtta er eit verktøy regjeringa ynskjer å bruke i ein aktiv næringspolitikk. Den nyleg framforhandla jordbruksavtala er eit fyrste steg. Avtala gir bøndene ei inntektsauke på 6,5 prosent eller om lag 14.100 kroner i snitt per årsverk. Vi må mange år tilbake for å finne eit oppgjer som gir bonden tilsvarande økonomisk utteljing. Fordelingsprofilen er god, med styrking av mindre og mellomstore bruk. Investeringsstøtta blir auka monaleg, noko som viser at vi ynskjer å satse på landbruket.
Også velferdsordningane blir betra. Dette har ikkje minst mykje å seie for ungdomen som vurderer å satse. Det å kunne ta litt ferie med familien, og vite at ein ikkje må «truge på» når ein helst skulle ha vore i senga, er noko dei fleste av oss ser som sjølvsagt. I det heile tatt er det på tide å gi bonden den respekten ho og han fortener. Menneska som driv landbruk har måtta tole altfor mykje negativt fokus dei siste tiåra. Dette skuldast dels at landbruksstøtta blir så tydeleg som eigen post i statsbudsjettet. Subsidieringa av rike, norske aviser gjennom momsfritaket er ikkje like synleg.
Samanlikninga er naturleg. Begge støtteordningane er politisk bestemt ut frå eit breitt fleirtal sitt ynskje om kva land og samfunn vi vil ha. Frie, kritiske media er samfunnsbyggande institusjonar og ein grunnstein i demokratiet. Norsk landbruk skal som nemnt halde landet vakkert og styrke reiselivsnæringa. Det skal vidare sikre folk rein, trygg mat, noko stadig fleire er opptatt av. Etterspurnaden etter økologisk mat, som regjeringa vil skal utgjere 15 prosent av produksjonen innan 2015, er eitt uttrykk for dette. Og landbruket skal ikkje minst støtte den spreidde busetnaden som djupast sett handlar om fridomen til å kunne bu der ein helst ynskjer.
Frp får oppslutning over alt, trass i sin landbruksfiendtlege politikk. Ingenting rart med det, vil nokon hevde, då dei færraste er bønder sjølv i landbrukskommunar. Verdt å merke seg då er at landbruksoverføringane i stor grad blir sett i sirkulasjon lokalt. Dette gagnar dei som leverer varer og tenester direkte til landbruksverksemda, men òg den lokale tenestesektoren generelt. Også bøndene og deira familiar etterspør klede og sko, mobiltelefonar og fjernsyn, frisør- og drosjetenester. Folk bør sjekke Nationen sine næringslivssider på nettet. Der vil ein finne kor mykje kvar kommune fekk av landbruksoverføringar i fjor. For ein distriktskommune som Nore og Uvdal utgjorde det eksempelvis 16 millionar kroner, for Ål kommune nærare 29 millionar. Til Sør-Fron i Gudbrandsdalen kom det 33, til Meldal i Sør-Trøndelag 25 og til Vestvågøy i Lofoten 30 millionar kroner.
For meg var dette meir interessant, medan Eivind Vik frå Ølen har rykt ned til varaplass. Tore Brattebø frå Bergen og Sigbjørn Schmidt frå Årdal i Ryfylke er komne inn i deira plass.
Ryfylkemeieriet har fått avtalar for å produsere ein muslimsk ost, halalost, i Sand. Der skal det også truleg produserast blåmugg-ost sidan Den blinde ku har for liten kapasitet på anlegget i Ås.
Tar tid
Kva som gjenstår før eigarane går ut med planane for Sand, er uklart. Men det vil ta to til tre veker til alle brikkene er på plass.
Det er også klart at det eine anlegget Ryfylkemeieriet har i dag, i Vikedal, ikkje tener pengar. Det har vore eit tapsprosjekt sidan starten i første halvår 2003. Inger Rosenfeld er ikkje så bekymra for at meieriet så langt har hatt raude tal.
— Vi skal nok tene pengar etter kvart, og det er normalt at det tar tid å byggje seg opp med ny produksjon. Det blir ikkje overskot i år heller, men neste år skal vi tene meir, seier ho.
Den negative eigenkapitalen i selskapet ved årsskiftet, er snudd til nesten 5,4 millionar kroner i pluss etter at gamle og nye aktørar gjekk inn med kapital tidlegare i haust. Men selskapet må investere ein del millionar kroner før anlegget i Sand er i produksjon.