Etter at Suldal kommune gjekk inn i Ryfylkemeieriet AS, og selskapet kjøpte meierianlegget på Sand av Tine Vest, har det vore knytt ei viss spenning til kva som skal skje med meieriet i Vikedal.
Det er enno ikkje avklara kva som skal skje på Sand, og styremedlem Inger Rosenfeld sin munn er førebels forsegla om kva som skal skje der.
Slår positivt ut
— Vi arbeider intenst med saka, og det er for tidleg å gå ut med noko. Men eg kan forsikre at det ikkje blir negativt for produksjonen i Vikedal. Så mykje kan eg seie, seier Rosenfeld.
Rosenfeld og selskapet hennar Den blinde ku var tidlegare den største enkeltaksjonæren i Ryfylkemeieriet AS i Vikedal, der rundt 80 lokale mjølkeleverandørar var medeigarar.
I samband med kjøpet av anlegget på Sand, er bøndene sine aksjar nedskrivne, medan Suldal kommune har gått inn med fire millionar kroner og dermed tatt kontrollen over 56 prosent av Ryfylkemeieriet AS. Rosenfeld og Den blinde ku har også gått inn med kapital og sit med nærmare 30 prosent av aksjane.
— Men vi har opsjon på å få kjøpe opp til 51 prosent ved å kjøpe av Suldal kommune sin andel, forklarer Rosenfeld.
Lokale ut
I samband med kapitalutvidinga har lokale namn forsvunne ut av styret i Ryfylkemeieriet AS, som følgje av at Suldal kommune er komen inn på eigarsida. Billy Grimås frå Vikedal er ute av styret, medan Eivind Vik frå Ølen har rykt ned til varaplass. Tore Brattebø frå Bergen og Sigbjørn Schmidt frå Årdal i Ryfylke er komne inn i deira plass.
Ryfylkemeieriet har fått avtalar for å produsere ein muslimsk ost, halalost, i Sand. Der skal det også truleg produserast blåmugg-ost sidan Den blinde ku har for liten kapasitet på anlegget i Ås.
Tar tid
Kva som gjenstår før eigarane går ut med planane for Sand, er uklart. Men det vil ta to til tre veker til alle brikkene er på plass.
Det er også klart at det eine anlegget Ryfylkemeieriet har i dag, i Vikedal, ikkje tener pengar. Det har vore eit tapsprosjekt sidan starten i første halvår 2003. Inger Rosenfeld er ikkje så bekymra for at meieriet så langt har hatt raude tal.
— Vi skal nok tene pengar etter kvart, og det er normalt at det tar tid å byggje seg opp med ny produksjon. Det blir ikkje overskot i år heller, men neste år skal vi tene meir, seier ho.
Den negative eigenkapitalen i selskapet ved årsskiftet, er snudd til nesten 5,4 millionar kroner i pluss etter at gamle og nye aktørar gjekk inn med kapital tidlegare i haust. Men selskapet må investere ein del millionar kroner før anlegget i Sand er i produksjon.
Sand styrkar Vikedal
Etter at Suldal kommune gjekk inn i Ryfylkemeieriet AS, og selskapet kjøpte meierianlegget på Sand […]