Sandeid-jenter på direkten

Dei to Sandeid-jentene er framleis med i kampen om å bli noregs nye Idol. Etter […]

Dei to Sandeid-jentene er framleis med i kampen om å bli noregs nye Idol. Etter vellukka auditions i Oslo, kan dei no byrje å glede seg til å vera med i dei direktesende sendingane, der sjåarane stemmer på kven dei vil ha vidare.
— Eg trur kanskje me har ein liten fordel med at me kjem frå ein såpass liten plass. Då føler vonleg fo lk frå heile distriktet at dei bør stemme. Den fordelen har ikkje deltakarar frå Oslo og andre store byar, uttalte Mari Vestbø til Grannar før ho visste om dei gjekk vidare.
Mykje venting i Oslo
Helga i Oslo var prega av mykje venting og øving.
— Det blei ei lang helg. Me hadde det utruleg kjekt og møtte mykje kjekke folk, men det var slitsamt med all ventinga. Lite søvn blei det òg, seier Maria Toresen.
Opplegget i Oslo var delt inn i tre. Dei skulle synge to gonger aleine, og ein gong duett. Mari var svært nøgd med sin duettpartnar. Ho song med David. Dei fleste hugsar han kanskje på grunn av afrofrisyren. Maria derimot var ikkje så nøgd med sin partnar.
— Eg måtte synge med ein som berre rappa! Han var heilt håplaus, og kunne ikkje songen eingong, men heldigvis gjekk eg vidare for det, seier ho.
Mari Vestbø er førstemann ut av dei to Sandeid-jentene, ho skal synge direkte på TV2 fredag 18. februar. Hennar songval er Scissor Sisters sin «Laura». Onsdag 23. februar er det Maria Toresen sin tur. Ho skal framføre Christina Aguilera sin ballade «The voice within». Så nå er det berre til å skrue på fjernsynet og stemme dei to jentene vidare fram i Idol-konkurransen.