Sandsfjord Bru – Aksjonsgruppa si rolle

Gruppa er valt av Grendautvala i kommunen for å gjera sitt til å få fortgong […]

Gruppa er valt av Grendautvala i kommunen for å gjera sitt til å få fortgong i realiseringa av Sandsfjord bru. Me har ingen trong for å gå djupt i diskusjonen om brua skal byggjast eller kor ho skal liggja. Suldal kommune har alt gjort vedtak om at bru skal me ha! Møtet i kommunestyret i desember skal seia noko om kor me vil ho skal liggja. Vårt mandat, gitt av dei sju Grendautvala i kommunen, har altså vore å prøva å påverka dei kreftene som sit med makta i retning det å realisera brua snarast råd. Det er eksempelvis administrasjon og politisk leiing i eigen kommune, Statens Vegvesen, Fylkeskommunen og Stortingspolitikarar.
Enkeltpersonar og grupper sine privatøkonomiske fordelar og ulemper med eksempelvis å reisa Sand-Sauda, er berre ein av mange faktorar i framtidas kommunikasjonsval. Desse vala skal trass alt tilretteleggja og ta omsyn til heile kommunen og distriktet vårt si utviklig.
Uansett korleis ein reknar tek det lengre tid med bru enn med ferje å koma frå Sand til Ropeid, men det er langt frå all trafikk som har desse endestasjonane. Det finst utallige eksempel på liknande føresetnadar der ein i ettertid har sett at forandringa var framsteget som gav ny giv og framtidstru, sjølv om friheta hadde ein pris i form av nokre kilometer lengre køyring for dei som bur slik til.
Eit viktig moment er den halverte kalkulasjonsrenta. Den er i haust sett ned frå 8 til 4 %. Det gjer Sandsfjord bru til eit samfunnsøkonomisk svært positivt prosjekt, og må vera eit godt utgangspunkt for at Staten påtek seg ein større del av utgiftene enn det som ligg til grunn i gjeldande fordelingsforslag. Her må Suldal kommune vera offensiv og ikkje la tida arbeida mot seg. Brugruppa har alt teke initiativ i den retning, og vil halda trykket oppe mot dei rette instansane for å få dette til.
Eit lite hjertesukk, som seier litt om debattnivået:
Det er framstilt som om aksjonsgruppa har «sugerøyr i kommunekassa».
Ja, ja, så feil kan ein ta i jakta på «hardtslåande» argument mot bru ! Så vidt me kjenner til har kommunestyret løyvd inntil 50.000 kroner til å dekka dei utgiftene ein har i arbeidet med å få fortgang i realiseringa av bruforbindelse over Sandsfjorden. Me har så langt brukt 9960 kroner! Ingen vil måtta avstå frå innarbeidde goder av den grunn. I så måte er me meir bekymra for framtida med brumotstandarane sine framtidsvisjonar. Folketalsutviklinga i kommunen vår syner tydeleg at altfor mange vel seg andre stader å bu.
Kvifor skjer dette på trass av alle mulege tiltak så som full barnehagedekning, nærast gratis tomter og «premiering» for å busetja seg her.
Me trur mykje av svaret er å finna i mangel på fast fjordkryssing og dermed muligheita til å delta i eit sosialt og kulturelt liv utafor den bingen me har gjera inne i mellom Jøsenfjorden og Saudafjorden. Attåt dette er det sjølvsagt begrensa muligheiter for å driva sjølvberande næringsverksemd med slike forutsetningar.
Mange av dei som alt har flytta, både ungdom og godt vaksne, ser det på denne måten og dei har fortalt oss det lenge før dei flytta. Me har berre ikkje festa lit til «trusselen» deira ! Vil me ha busetnad og utvikling, for ikkje å seia vekst, i kommunen vår, er det på høg tid å lytta til dei som flytta og samstundes tenkja grundig gjennom kor lenge tolmodigheita held hjå mange som framleis har tru på at brua snart kjem . Reknestykka ein ser framlagde vil få vidt forskjellig svar alt etter kva forutsetningar ein legg i dei, men ein ting går igjen i dei fleste «motstandskalkylane»; Lite tru på at framtida kan by på vekst og nyskaping . Likeså vert det lagt ufatteleg lite vekt på korleis verkelegheita opplevast for dei som skal skaffa sitt eige og andre sitt levebrød gjennom aktiv og sjølvstendig innsats i eit stadig opnare og meir krevande marked. Å hoppa bukk over dette er farleg, for desse gruppene kan og flytta. Gjer dei det, riv dei i same farten med seg grunnlaget for utruleg mange arbeidsplassar.
Å få Sandsfjord bru på plass vil bety meir for næringsutviklinga i distriktet vårt enn noko Næringsutviklingselskap kan drøyma om å få til.
All utvikling fører med seg endringar i det tilvande og trygge, men det er nettopp det som tenner håp hjå den gruppa av folket som vil noko meir enn å ta til takke med sviktande handel og fråflytting.
Det har Suldal kommune teke inn over seg med å vedta at Sandsfjord bru skal byggjast, og Aksjonsgruppa vil fortsetja arbeidet for fjordkryssing ved hjelp av bru, utan store innhogg i kommuneøkonomien.

Aksjonsgruppa for
Sandsfjord bru