Sandsfjord bru for heile distriktet

Det vert i media framstilt som om dette er eit internt prosjekt som gir hovuddelen […]

Det vert i media framstilt som om dette er eit internt prosjekt som gir hovuddelen av innbyggjarane lengre reisetid og større kostnader. Dette på trass av at Kommunedelplanen for Sandsfjord bru viser det motsette. Ca 1/3 av innbyggjarane i Suldal får vesentlig kortare reisetid, for reisande frå Sand/Suldal vil reisetida bli redusert med 8 minutt. Her er det rekna inn 14 minutt ventetid på ferja. Det er i hovudsak reisande frå Sand som ikkje treng å berekna ventetid. Brua er eit regionalt prosjekt som for all framtid vil vera ein gode, ikkje berre for Suldal kommune, men for heile distriktet.
Kommunedelplanen har og berekna kostnadar for brukarane som viser ein liten negativ konsekvens med 8 % kalkulasjonsrente. Nå er rentesatsen sett ned til 4 % som fører til at dette blir eit svært positivt prosjekt. Bompengane skal me betala i 15 år, fergebillettar til evig tid. Det er dessutan berre tatt hensyn til kjøretøy ved berekning av bompengar. Me veit at ein god del av pendlerane ikkje reiser med bil.
Ferje vil alltid vera ein flaskehals som hindrar ein stabil trafikkflyt. Me forflyttar oss meir enn før derfor blir det eit større press på vegane våre med ferjeslepp. Det er berekna ein trafikkauke på 33 % frå 2015 til 2030. Det vil vera det sikraste argumentet for oppgradering av Ryfylkevegen. Bru vil føra til eit større arbeidsmarked, sparte transportkostnader for næringslivet, og for dei fleste kortare reisetid.
Me må heile tida vera i utvikling og tilpassa oss rammevilkåra sette i Hovudstaden eller andre regionsentra. Difor vil bedra kommunikasjonar vera den viktigaste faktoren for å betra vilkåra for det næringslivet i Suldal som har skatteevne, og som eintydig vil ha bru. Dei 50 millionane til bru som enkelte er så redde skal gå ut over tjenestetilbodet kan fort bli dyre dersom det fører til fråflytting, forgubbing og stagnasjon.
Sett på kartet er Suldal svært sentralt plassert med 1,5 time til Haugesund, 3 timar til Stavanger, 4 timar til Bergen og 5-6 timar til Oslo. Suldølen og andre reisande må i dag tilpassa reisene sine etter ferjetidene, her blir det mykje dødtid som ikkje er teken med i konsekvensanalysen. Me bur i ein flott kommune som mange fleire ønskjer og burde få tilgang til. Sand sentrum vil og få gevinst av at næringslivet i Suldal får betre levevilkår. Dette handlar ikkje om å komma oss til Haugesund på handletur, men like mykje å få fleire kjøpesterke kundar til Suldal. Slutt med sytinga, grip dei mogelegheitene som byr seg, skap noko!

Aksjonsgruppa for
Sandsfjord bru
Berit J. Haugsland
Leif Solland
Jan Moen