Santa Lucia før daggry

Budsjettmøtet i Etne kommunestyre seinare på dagen, var det sentrale temaet ved frukostborda. Som rimeleg […]

Budsjettmøtet i Etne kommunestyre seinare på dagen, var det sentrale temaet ved frukostborda. Som rimeleg kan vera, ville dei frammøtte aller helst halda på både barnehage og skule på Rygg.
Utanom trugsmålet frå den politiske slaktarøksa, var stemningen god denne tidlege tysdagsmorgonen. Vesle Andrea på fire år var første barnehagebarnet som var på plass, då dørene opna klokka sju. Ho byrja på barnehagen i haust, og var med for første gong på Luciafest. Det er slett ikkje uvant at ho er først, lyder det frå foreldra. Inne i lokalet var personalet travelt opptekne med å fylla opp matfata, medan kameramennene frå Vestlandsrevyen stilte inn filmapparata sine.
Då Luciatoget kom til syne i døra, stilna praten. Det var høgtid då dei tjue barnehageborna toga gjennom lokalet.
Vél framme i høgenden av rommet, snudde dei kvitkledde borna seg, og song Santa Lucia, både ein og to gonger. Forsongaren Petter Hus Flatebø markerte seg mest mellom dei musikalske borna. Malin Grønfur fekk æra av å bera Luciakruna på Rygg dette året.