Å skaffe pengar til nye tiltak i Vindafjord, er som å gnage på knokane. Men ei prosjektgruppe som har vurdert framtida til ungdomsklubbane i kommunen, vil bruke ein million kroner over to år for å sjå om fritidsklubbar er liv laga.
Skjold og Ølen
Det skal blåsast liv i ungdomsklubbane Hipp i Skjold og Public i Ølen. Desse to er valt ut fordi Public ligg i kommunesenteret og Hipp har lang tradisjon som ungdomsklubb, pluss at ungdomsmiljøet i Skjold er nærmast Haugesund.
Høgrepolitikaren Tone Hatteland har arbeidd aktivt med ungdomsproblematikken i gamle Ølen kommune, og var blant støttespelarane då Public Ungdomshus kom i stand i den nedlagde barnehagen i Litlehagen i Ølen.
Ho ser problemet med å skaffe ein million kroner til prosjektet, men har håp at det vil ordne seg.
To år
— Det er ikkje uproblematisk, men eg håpar det kan gå ved å bruke av andre stillingar i kommunen. Det er difor ikkje berre snakk om friske pengar, seier Hatteland.
Det blir i dag brukt vel 162.000 kroner på ungdomsklubbane i Vindafjord. Og klubbar i andre delar av kommunen skal få tilskot som før, meiner prosjektgruppa.
— All erfaring tyder på at det ikkje duger å drive fridtidslubbane halvvegs. Det er tilbakemeldinga frå Tysvær som satsar skikkeleg på ein klubb. Vi tenkjer oss eit prøveprosjekt i Vindafjord i to år, og så får vi sjå om det var det rette, seier Hatteland.
Det viktigaste verkemiddelet i satsinga er å tilsette ein prosjektmedarbeidar.
Ungdomsmiljø
Ho meiner tida har sprunge frå at det er nok å opne eit hus og kjøpe inn eit biljardbord. I følgje Hatteland er det vanskeleg å få foreldre til å drive ungdomsklubb, og vaksen styring er heilt nødvendig, meiner ho.
— Ungdomsklubbar som fungerer er viktig for det førebyggjande arbeidet blant ungdom. Rus er blitt ei stor utfordring. Kommunen må vere med å ta ansvar for dei som fell utanfor andre tilbod, seier Hatteland.
Ho viser til at både politiet og MOT har understreka at fritidsklubbane har positiv betydning for ungdomsmiljøet.
Satsar ein million på unge
Å skaffe pengar til nye tiltak i Vindafjord, er som å gnage på knokane. Men […]