Det manglar framleis 70 prosent av det FN treng til naudhjelpsarbeidet.
* 46 000 barn er blitt foreldrelause
* 7100 skular er øydelagde
* 2,5 millionar menneske treng telt
Dette er ufattelege tal. Samanliknar me med folketalet i Noreg, betyr det at meir enn halvparten av oss ventar på telt for å halda varmen nå i adventstida.
Denne veka har statsminister Jens Stoltenberg vore på rundreise i katastrofeområda. På den korte tida han var der fekk han sjå og høyra om ufattelege lidingar og endelaus naud. Føremålet med besøket hans var å takka dei norske naudhjelparane og å oppfordra andre land til å gi meir. Noreg på si side har alt gitt mest av alle og nå lovar Stoltenberg nye 260 millionar kroner. Til saman har Noreg då gitt FN og Pakistan ein halv milliard kroner. Det er eit stort beløp, men i vår rikdom kostar det oss ikkje stort likevel.
Me avstår denne gongen frå å spekulera i kvifor det går så tregt med å få pengar til jordskjelvofra i Pakistan i motsetnad til etter tsunamien i Thailand 2. juledag i fjor då givargleda var enorm.
Sja ansvar for dei som fell utanfor andre tilbod, seier Hatteland.
Ho viser til at både politiet og MOT har understreka at fritidsklubbane har positiv betydning for ungdomsmiljøet.