Satsar på sentrumsmarknad

— Etter at marknadsområdet og utstillingar stengjer, vil me at folkefesten skal halda fram i […]

— Etter at marknadsområdet og utstillingar stengjer, vil me at folkefesten skal halda fram i sentrum. Me vil at det skal yra av liv ved heile «sjøen». Dei som kjem køyrande ned Sæbøbrekka ein marknadskveld skal tenkja at her «må» dei berre stansa, seier Lund.
Nå jaktar den nye leiinga på unge eldsjeler som vil vera med på nytenking og gjennomføring av Etnemarknaden.
— Me ønskjer å få med oss folk med idear og engasjement, og som har høve til å vera med å gjennomføra dette. Me er opne for alt, seier Jørgensen.