— Vi ville skape noko positivt for bygda, og kom på at vi kunne starte med å bake eit heilt nytt brød. Eit brød som er særeige for Skånevik, og som skal vere med på å gi inntekt til bygdeutvikling og næringsutvikling her i framtida. To kroner av kvart brød skal gå til dette, fortel Hildegunn Larsen ved Larsen Bakeri.
— Kva var meir naturleg enn å gripe fatt i noko som finst. Potensialet rundt segna om Juraskarskjerringo er der, og berre fantasien kan stoppe oss. Brødet ville vi skape mest mogleg saman med bygdefolket, og vi har tatt kontakt med Skånevik skule når det gjeld illustrasjon av Juraskarskjerringo på framsida av brødposen. Bygdefolket har fått delta i prosessen ved prøvesmaking av forskjellige brød den siste månaden, fortel ho.
66 teikningar
Elevane ved Skånevik skule tende på ideen, og då fristen gjekk ut hadde det kome inn heile 66 teikningar. Desse er hengde opp i bakeriutsalet.
Elevane vart bedne om å teikne ein illustrasjon av Juraskarskjerringo på framsida av posen, namnet på brødet godt synleg og kart av turstigen opp til Juraskarskjerringo i eine sidefalden.
Då vinnaren skulle kårast viste det seg at Martin Løhaugen i 7. klasse hadde teikna akkurat det oppdragsgjevarane var ute etter.
— Ja, vi såg segna om Juraskarskjerringo, slik vi hadde tenkt ho skulle bli gjengjeven, med ein gong vi såg teikninga til Martin, seier Hildegunn Larsen.
I premie får han nå ta med seg medelevane i klassa si til bakeriet der dei vil bli servert pizza.
Sjølv seier han at det var eit kjekt oppdrag, og ekstra stas var det sjølvsagt å gå av med sigeren om å få teikninga si på brødposen i framtida.
Likar brødet
Bakarmeister Ragnvald Larsen fortel at brødet er bakt av steinmalt mjøl. Det vil seie at kornet er malt på gamlemåten, og såleis inneheld alle fiber, sjølv om det kan sjå fint ut.
— Mange, særleg barn og gamle vil ikkje ha synlege korn i brød, dette er ein måte å halde på fiberen utan at korna er synlege, seier han.
Larsen fortel at fleire av dei som har prøvesmakt har kome med innspel, noko som har ført til brødet som nå ligg føre, og som skal kome i handelen frå 30. juni. I Bluesveka skal den ferdigtrykte brødposen takast i bruk.
Det at bygdefolket nå har vore med på å skape eit spesielt brød for Skånevik-bygda, meiner Hildegunn Larsen er viktig. Ho håper dette skal styrke samhaldet i bygda.
Ho fortel også at trimgruppa i Skånevik idrettslag skal rydde stigen opp til Juraskarskjerringo. Den kjende toppen 708 meter over havet.
Segn bak nytt brød
— Vi ville skape noko positivt for bygda, og kom på at vi kunne starte […]