Seks rom til overs

Tidleg i fjor haust var Oskar Kringlebotten ein av bebuarane ved omsorgssenteret som fekk flytta […]

Tidleg i fjor haust var Oskar Kringlebotten ein av bebuarane ved omsorgssenteret som fekk flytta inn på eitt av dei nye romma. Men sist veke måtte han og dei andre flytta tilbake til dei gamle romma sine. Det blei for tungvint for personalet å ta seg av bebuarane på den nye avdelinga i tillegg til bebuarene på den gamle avdelinga.
Oskar Kringlebotten, som sjølv har lang fartstid i kommunepolitikken i Etne, kallar snuoperasjonen ein katastrofe. Han meiner politikarane burde hatt administreringa av den nye avdelinga klar før dei sette i gang. Han meiner at politikarane nå må løyva meir pengar slik at den nye avdelinga kan takast i bruk.

Også personalet er fortvila over situasjonen. Senterleiar Sølvi Eide Lunde seier det er trong for den nye avdelinga, men at det ikkje er realistisk å opna for seks nye plassar utan å auka bemanninga.
Ordførar Amund Enge stiller seg uforståande til at den nye avdelinga ikkje kan haldast opa med dagens bemanning. Han seier det er uaktuelt å gi omsorgssenteret meir ressursar nå som ein er midt inne i ein omorganiseringsprosess.

Det var truleg fleire enn oss som trudde at ei ny avdeling skulle gi plass til fleire pleietrengjande. Men her har me tydelegvis tatt feil. Kommunen har brukt fire millionar, pluss fem millionar frå staten, på ei avdeling som ingen veit kor lenge blir ståande tom. Me meiner som Oskar Kringlebotten at her må det ryddast opp. Om det ikkje er ein katastrofe at seks nye rom blir ståande ubrukte, så må det kallast ein skandale. Samfunnet har ikkje råd til ei slik sløsing når behovet for sjukeheimsplassar er skrikande.