Magne Inge Nybru (57) har drive med mjølkeproduksjon i rundt 35 år. Nå gjorde ikkje minst ei sviktande helse at han måtte gje seg. Men ikkje berre det var avgjerande, han hadde ingen som ville ta over og drive vidare med mjølkeproduksjon. Dei 53.000 literane kvoten var på, var for lite å leve av. For å halde fram måtte det også ein del store investeringar til, og då sa valet seg sjølv.
— Var det eit vanskeleg val?
— Eg har nok hatt mange tankar att og fram ei tid, men det vart lettare då avgjerda var tatt. Dette vart gjort i samråd med ungane. Ingen av dei hadde høve til å ta over kyrne. Ein må sjå i augo at dette er blitt for lite å leve av, seier han.
Sjølv har han aldri hatt arbeid utanom garden.
Lett å bli kvitt
På våre kantar har det ikkje vore vanskeleg å bli kvitt mjølkekvotane, og fokus har vore sett på at dei er selde ut av distriktet. Dette har ikkje Magne Inge Nybru medverka noko til. Han selde til ein nabo, og resten vart seld på Haugalandet.
Når det gjeld interessa frå Jæren, har han ikkje vore borti den.
— Eg lurer nå på om den er litt oppskrytt. Eg fekk like mange, og like gode tilbod på denne sida av Boknafjorden. Eg har nå høyrd at mjølkekvotar er selde andre vegen frå Jæren og nordover òg eg, fortel han.
Når han nå har seld mjølkekvoten, reknar han med å drive med ungdyr og sau.
— Men eg har ikkje heilt bestemt korleis det blir framover. Helsa må vere med å avgjere drifta framover.
Magne Inge Nybru selde nyleg mjølkekvoten og konstaterer at nå er mjølketanken tom.