Som lokalpolitikar skulle også eg gjerne sett at me hadde hatt eit betre budsjett. Men det er ikkje berre statlege rammer og pengar som avgjer eit kommunebudsjett. Kva ein brukar pengane til er like viktig. I dag utgjer lønnsbudsjettet over 80 prosent av budsjettet i Vindafjord. Det seier seg sjølv at slik kan det ikkje halda fram. Det vert for lite igjen av pengar til drift og vedlikehald.
Då Vindafjord Høyre på same tid i fjor ville innføra ubetalt spisepause som på sikt ville spart kommunen for om lag seks millionar kroner årleg, ville ingen andre i kommunestyret vera med. Enn om me hadde gjort eit slikt vedtak i fjor? Me hadde då hatt eit budsjett som hadde sett mykje betre ut. Eg sa då at Vindafjord måtte ha god råd som kunne halda på med slik styring av kommunen. Det står eg ved. Dersom det er slik at Kalstveit og ordførar Håvås er så økonomisk ansvarlege, var kanskje dette ein plass å byrja?
Når det gjeld trygdebustadar så meinte så vel KrF som Tverrpolitisk at det var rett tenkt å selja nokre trygdebustadar. Som Senterpartiet veit er det nok av ledige omsorgsbustader i kommunen. Det hadde såleis vore plass der til dei som ynskte det. Ingen hadde blitt kasta på gata. Dessutan er renta i dag så låg, på grunn av god økonomisk politikk frå sentralt hald, at dei som bur i trygdeboligane hadde tent gode pengar på å kjøpa sin eigen bolig, i staden for å leige, sjølv om dei måtte ha lånt heile kjøpesummen.
Ellers ser eg at så vel Kalstveit som ordførar Håvås gret krokodilletårer for dei vedtaka dei har gjort. Slik det såg ut for meg var både dei, og ikkje minst Annbjørn O Stople, særs godt nøgde.
At barnehage i Sandeid vart sett på førsteplass, var også Høyre samde i. Skilnaden var at me hadde eit forslag til fullfinansiering av barnehagen – utan å måtta låna pengar. Budsjett for barnehagen som kom som benkeforslag frå Annbjørn O Stople, verkar ikkje heilt realistisk, og minner meir om den slags økonomistyring ein høyrer om i land me helst ikkje vil samanlikna oss med.
Når det gjeld om kven som tek vare på den kristne kulturarven, minner eg om at det er ikkje kva ein seier som tel, men det ein gjer. Så får lesaren døma sjølv.
Heilt til slutt må eg kommentera innlegget frå Øyvind Haraldseid. Det verkar som om han er godt nøgd med det som skjedde, og at han støttar SP og AP. Han kritiserer Høyre for dårleg politisk forarbeid i forkant av kommunestyremøtet. Eg kan då konstatera at det politiske forarbeidet tydelegvis ikkje var betre hos dei såkalla tverrpolitiske representantane. Heller ikkje dei nådde fram til noko politisk resultat med SP og AP. Elles ber innlegget preg av å vera ei blanding av skadefryd og personangrep for at eg endeleg fekk meg ein på «trynet». Det toler eg godt. Eg har ikkje tenkt å gje meg. Eg er heller ikkje redd for om eg av og til blir noko våt, då eg er god til å symja.
Dagfinn Torstveit, Høyre