Tidlegare partimedlem Berge Kjell Opsal har sagt seg usamd med ordførar Arne Bergsvåg vedkomande den administrative inndelinga av den nye kommunen. Senterpartiet har respektert hans syn, og meiner at partiet skal ha god takhøgd og rom for ulike meiningar.
Den 22. mars kalla Vindafjord Senterparti saman til eit felles møte for styret og dei to kommunestyregruppene, for å diskutera eventuelle stridsspørsmål. Opsal var spesielt innbeden til møtet men let vera å møta fram. Møtet var avvikla i ein svært god tone og gav ordførar Arne Bergsvåg full støtte i hans arbeid for ein god kommune – innanfor dei tronge rammene som trass alt eksisterer for kommuneøkonomien.
I staden for å vera med oss på dette møtet, valde Opsal å gå ut i lokalavisa med harde skuldingar mot ordføraren. Me vil ikkje gå inn på dei skuldingane og påstandane Opsal set fram i Grannar. Men me må likevel få påpeika at når Opsal meiner han hadde full støtte for sine synspunkt i styret og kommunestyregruppene, er det underleg at han vel å utebli frå fellesmøtet og i staden melda seg ut av partiet.
Vindafjord Senterparti vil likevel takka Berge Kjell Opsal for samarbeidet gjennom mange år. Me kjenner ingen trong til å dvela ved hendingar og episodar som måtte ha skjedd årevis tilbake, anten det nå er innanfor eller utanfor Senterpartiet. Det får vera eit tilbakelagt stadium som historikarane får ta seg av, om det skulle ha interesse.
Senterpartiet vil heller sjå framover, og bu seg på å takla dei utfordringane som nye Vindafjord kommune måtte møta, til det beste for dei meir enn 8000 innbyggjarane i den nye storkommunen vår. I dette arbeidet gjev me ordførar Arne Bergsvåg vår fulle støtte!
Anders Haugland
Nestleiar i Vindafjord Senterparti