Sentrum stomter i det blå

Då reguleringsplanen for Julaskår–Tongane–Enge–Gjerdsrabbane (Etnesjøen del 2), vart lagt fram fyrste gong, var alt landbruksareal […]

Då reguleringsplanen for Julaskår–Tongane–Enge–Gjerdsrabbane (Etnesjøen del 2), vart lagt fram fyrste gong, var alt landbruksareal gjort om til tomteland på eigedommen til Trygve Birkenes. Dette syntest han såg greitt ut, og hadde ingen merknadar til det. Då reguleringsplanen vart handsama for andre gong, vart det gjort endring på eigedommen til Birkenes, utan at han fekk høve til å uttala seg.
— Eg trudde at planen såg lik ut som han gjorde ved første handsaming, og fekk sjokk då ein av naboane mine synte fram den nye planen. Det offentlege hadde plassert eit to-tre dekar stort landbruksareal, nærast eit «ingenmannsland» aust på eigedommen, seier han.
18. oktober 2005 vart reguleringsplanen over Etne sentrum del 2 vedtatt av Etne kommunestyre.
Trudde alt var i orden
Birkenes arbeidde fram ein detaljplan, der han flytta landbruksarealet til eit allereie eksisterande landbruksområde på eigedommen. På denne måten ville jorda i alle fall bli brukt til noko.
— Den dårlegaste jorda på heile eigedommen er på det landbruksområdet som kommunen har peika ut. Eg hadde aldri i verda fått nokon til å driva den jorda for meg, seier han.
Hordaland fylkeskommune stiller seg bak Trygve Birkenes i dette, og uttaler i høyringsrunden til Etne kommune slik: «Det kan diskuterast kor gunstig det er å leggje eit landbruksområde inne i bustadsområdet slik som vist i plan 2. Ut frå omsynet til utviklinga av Etnesjøen som tettstads- og bustadsområde vil arealdisponering vist i plan 1 (13 tomter og ikkje noko landbruksområde) truleg vere meir framtidsretta».
Då Birkenes synte fram planen sin for ein sakshandsamar i kommunen, fekk han ikkje opplyst at det allereie låg føre ein heilt ny plan som skulle bli politisk behandla i juni.
I april kalla kommunen inn til møte mellom Birkenes og naboane. Her la Birkenes fram ein ny plan. Han synest det er viktig å halda seg inne med naboane og prøver i det lengste å finna ei løysing som alle kan leva med. Det kom inn to merknadar, mellom anna på tilkomstveg. Dette vart teke til fylgje og vegen vart endra. Planen vart levert til Etne kommune for vidare behandling. Birkenes trudde no at saka gjekk vidare til fylket, og at alt skulle vera i orden.
— Sjokkert
I juni vart Birkenes kontakta av ein sakshandsamar frå Etne kommune. Han informerte Birkenes om at kommunen hadde laga ein ny plan, og at denne skulle behandlast i Komite Natur berre to timar seinare. Birkenes fekk nærmast bakoversveis over måten denne saka vart behandla på. Framgangsmåten som kommunen følgjer i denne saka er heller ikkje etter lova.
— Kommunen må varsla grunneigar om endringar i reguleringsplanen. Grunneigar skal ha melding i god tid, slik at han skal få høve til å uttala seg, seier Tore Johan Erstad hos Fylkesmannen i Hordaland.
— Eg gjekk på møtet i Komité Natur 15. juni, og vart rett og slett sjokkert! Sakspapira vart delte ut på møtet, og ingen hadde av den grunn kunna sett seg inn i saka, seier Trygve Birkenes.
Anka saka
Planen til kommunen vart godkjend i Komité Natur, og Birkenes sin plan vart nedstemt. Birkenes har anka saka inn for Fylkesmannen i Hordaland. Det var spesielt to punkt som ikkje samsvarte med det Birkenes ynskte for området. Det eine var at tilkomstvegen til fem av tomtene var lagt på annan manns grunn, og det andre var plasseringa av landbruksområdet.
— Dette reagerte eg ekstra sterkt på. Dette er det høgaste punktet på eigedommen og den desidert dårlegaste jordbruksjorda, seier han.
I staden for å plassera eit jordbruksareal saman med eit allereie levande jordbruksareal inntil tunet til Birkenes, valde det offentlege å plassera dette arealet aust for bustadområdet.
— Eit jordbruksareal på to-tre dekar midt inne i bustadområdet er frå mi side heilt utenkjeleg og ulogisk. Dette området ville blitt eit ingenmannsland som ikkje berre ville sett frykteleg stygt ut, men som heller aldri kunne blitt brukt til noko som helst. Eg forstår ikkje logikken. Kvifor ikkje hekta jordbruksareal saman med området som eg sjølv allereie brukar til jordbruk og frukthage? Då hadde det i alle fall blitt brukt. Dersom det hadde flytta småbarnsfamiliar til byggefeltet, kunne me laga til leikeplass og kanskje ein fotballbane på området, seier han.
Det er lovpålagt at grunneigaren i slike tilfelle skal bli informert om endringar, og Trygve Birkenes er forbausa over korleis det offentlege har behandla han.
Overkjørt
Det er fleire som har vore i Trygve Birkenes for å få kjøpa tomt.
— Taparane på at det offentlege ikkje har informert meg, er dei som tenkte å byggja i 2006. Frå 1. januar 2007 kjem nye byggforskrifter, som kan auke utgiftene med 70 000 kroner. I tillegg kjem kraftig prisstiging for meg på grunnlagsinvesteringar og prisauke på det enkelte hus, seier han.
— Kva synest du om samarbeidet med Etne kommune i denne saka?
— Eg kjenner meg heilt overkjørt og umyndiggjort, og har mange gonger stilt meg spørsmålet om dette er vanleg praksis i Etne kommune. Kanskje det er mine 70 år som er årsaka? Eg vil i det lengste kjempa for å vinna fram, og er villig til å satsa store ressursar på dette. Det har alt vore fleire søvnlause netter. Eg kjem heller til å «bakka ut» enn å la det gå utover helsa mi. Då plantar eg heller morellar på heile området, seier han og ler.
— For eit halvt år sidan fekk eg svært god hjelp av kommunen med ei byggesak, så eg har i det lengste tru på at dette også skal ordna seg. Eg er av natur optimist og håpar at bondevitet og fornufta vil vinna fram til slutt, seier han.