Ser økonomi i trivsel

Når bedrifter snakkar om effektivitet, manar det lett fram bildet av gamle tidsstudie som dreia […]

Når bedrifter snakkar om effektivitet, manar det lett fram bildet av gamle tidsstudie som dreia om å piske arbeidstakarane til å springe fortare. Hos Vest-Ro i Sandeid handlar det ikkje om å springe fortare, men om å arbeide smartare. Noko som i neste omgang fører til at produksjonen går raskare og blir meir effektiv.
Metoden er å involvere dei tilsette og bruke kunnskapen dei sit inne med for det den er verd.

Motiverer tilsette
Driftssjef Britt Randi Stokkevåg og avdelingsleiar Bjarne Miljeteig i slakteriet, er ikkje i tvil om at prosjektet om å arbeide smart gir resultat. Både for arbeidsmiljøet og produksjonen.
Tillitsvald Mangor Bårdsen er også positiv til at dei tilsette blir meir involverte i produksjonen og sin eigen arbeidssituasjon.
— Det er bra at vi på golvet får kome med idear som i mange tilfelle viser seg å vere gode og lønsame. Det er positivt at ein ser at det ikkje berre er på toppen det blir tenkt smart. Eg opplever at arbeidsmiljøet er blitt betre og det er meir samhald på bedrifta. Enkelte synst kanskje at møte er vekkasta tid, men dei fleste er positive, seier Bårdsen.
Han meiner prosjektet slår positivt ut når det gjeld helse, miljø og tryggleik (HMS). Det har også ført til meir målretta opplæring av nye medarbeidarar.

Smart trivsel
Trivsel, sjukefråvær og produktivitet er tre stikkord som i ein rett kombinasjon gjer at både tilsette og bedrifta kjem styrka ut, meiner driftssjef Britt Randi Stokkevåg.
— Det betyr mykje at arbeidstakarane blir viste tillit og får kome med sine ting og kan vere med og påverke. Det handlar absolutt ikkje om å setje opp tempoet, men å gjere jobben smartare. Denne involveringa gir meir motiverte tilsette, og dei får betre forståing for problemstillingar og beslutningar i bedrifta, seier Stokkevåg.
Det er ei vurdering Bjarne Miljeteig deler.
— I produksjonen kan det vere små detaljar og finessar som skal til for å arbeide betre. Prosjektet har skapt eit stort engasjement som vi høyrer igjen rundt bordet i kantina, fortel Miljeteig.
Stabilitet i arbeidsstokken og lite gjennomtrekk utanom naturleg avgang, ser dei som eit godt signal for bedrifta.

I team
Jobb smartare, eller Team Production Management som det heiter der metoden er utvikla, er ikkje noko slakteriet har funne på sjølv. Pilotbedriftene i Gilde-gruppa er slakteriet i Sandeid og påleggsfabrikken i Haugesund. Dei er inne i det andre året og bygt på erfaringane deira, skal dei andre verksemdene i Gilde starte med det same.
I Sandeid har dei ti forbetringsgrupper som arbeider med forskjellige problemstillingar. Det er team på tvers av avdelingane.
Produktiviteten blir målt i kor lang tid det tar for eit storfe å passere slakteriet, frå fjøset til ferdig levert slakt på bil. Eit storfe tilsvarar fire griser eller seks sauer.
Dei har betra denne produktiviteten med seks prosent sidan starten frå snart to år sidan, og målet er nærmare ni prosent.
— Eg synst målet verka ganske urealistisk, men med erfaringa vi har i dag, vil eg seie vi er i rute til å klare det, seier Stokkevåg.