Service til båtfolk

Ølen Båtlag sitt nybygg på 93 kvadratmeter i to etasjar begynner å ruve der det […]

Ølen Båtlag sitt nybygg på 93 kvadratmeter i to etasjar begynner å ruve der det ligg nedom samfunnshuset i Ølen.
Dugnadsleiar Svein Nøkland og byggjeleiar John Birger Wold er godt nøgde med arbeidet elevane ved tømrarlina VKI ved Ølen vidaregåande skule har utført. Dei begynte arbeidet i midten av september, og går alt etter planen, blir det kranselag om 14 dagar.
Fint oppdrag
Faglærar Åsmund Brårmo ved Ølen vidaregåande skule fortel at dette er eit fint oppdrag.
— Det å ta eit bygg heilt frå grunnen av er lærerikt. Det er fleire fagfolk å halde seg til, og ein lekk i opplæringa er jo å få vise seg fram for å få lærlingplass seinare, seier han.
Brårmo fortel at det er 13 elevar på tømrarlina dette skuleåret. Halvparten er utplasserte hos byggmeistrar i distriktet og halvparten på bygget her. Elevane er ein månad på kvar plass før dei byter.
Stor dugnadsinnsats
Dugnadsleiar Svein Nøkland fortel at dugnadsinnsatsen blant dei 170 medlemmene i båtlaget har vore stor.
— Ja, dugnaden har vore veldig god. Alt grunnarbeidet er gjort på dugnad, fortel han.
Det nye huset skal romme servicebygg for gjester. Denne delen av bygget er rekna å stå ferdig til komande båtsesong. Her blir det toalett, dusj og vaskerom med blant anna vaskemaskin.
— Etterpå vil huset bli ferdig pø-om-pø, seier byggjeleiar John Birger Wold. Byggjekostnadane vil kome på knapt ein million kroner, meiner han.
Oppe skal det bli klubbhus med stove og kjøkken. Her skal det også kunne opnast for gjester.