Set ikkje strek

Skånevik Vannverk har svart med at dei vil stengje vatnet til gardsbruket, både i våningshuset […]

Skånevik Vannverk har svart med at dei vil stengje vatnet til gardsbruket, både i våningshuset og fjøset.
— Vassverket er kjent med at vi kjem med ei motrekning, og dei kan ikkje stengje vatnet før dette spørsmålet eventuelt har vore oppe i retten, seier Magne Olseth, som i tillegg må betale vel 215.000 kroner for vassverket sine utgifter i dei tre siste rettsrundane.

Tar risiko
Milje har tidlegare hatt fritt vatn som ein del av leigeavtalen, men etter dommen i lagmannsretten har vassverket sendt ei rekning på over 112.000 kroner for 2003, 2004 og 2005.
— Eg er skitlei heile saka, og det er sikkert mange andre også her i Skånevik. Men vi kan ikkje leve med det som blir konsekvensane av den siste dommen i lagsmannsretten. Det blir for urettferdig for oss. Dommen avklarar ikkje viktige spørsmål som følgje av at den gamle leigeavtalen er godkjend oppsagt. Eg er difor villig til å risikere å tape meir pengar med å gå vidare i denne saka, seier Olseth.

Vassverket avviser
Vasstriden i Skånevik er ikkje over med lagmannsretten sin dom for fire månader sidan der Milje tapte. Det var andre gongen striden enda med anke til Høgsterett. Margaret Bull-Tornøe og Magne Olseth har bestemt seg for at dei vil gå til rettsapparatet igjen dersom dei ikkje får ein avtale med vassverket for rettar på Milje sine eigedom.
Men at det skal bli frivillig semje mellom partane er det nok få som vil satse pengar på etter den årelange striden.
Vassverket sin advokat meiner Milje får dårlege juridiske råd som kan påføre dei ytterlegare utgifter. Vassverket meiner dei har alle rettane sine i orden, og som førte til at den gamle leigeavtalen kunne seiast opp slik lagmannsretten fastslo i sommar.

Planlegg kraftverk
— Leigeavtalen frå 1947 er vekke, men eg trur lagmannsretten la vekt på at vassverket berre brukar sitt eige vatn utan å gå nærmare inn på dette. Men dei er enno avhengige av demninga vår på fjellet og dei demmer opp ved inntaket, seier Magne Olseth.
Han har planar om både kraftverk og å ta ut sitt eige drikkevatn i elva. Det vil blir ein prøvestein på om vassverket berre brukar sitt eige vatn, meiner Olseth.
Men før den tid kan det bli rettssak om vassverket berre brukar sitt eige vatn (ved inntaket), og om demningane på fjellet.