Vegen er blitt omkøyringsveg, utan eigentleg å vera rusta for å ta imot den auka tungtrafikken. Vegen er smal, svingete og lite oversiktleg mange plassar. Det må ein ta omsyn til når det gjeld mellom anna fartsgrenser.Vikedal Utvikling har tatt eit initiativ overfor Statens vegvesen for å få sett ned fartsgrensa straks. Det er eit initiativ som Statens vegvesen enkelt bør følgja opp. I tillegg burde ein allereie før Rv 46 skulle bli omkøyringsveg sytt for at dei enkle tiltaka ein kan gjera for å få betre tryggleik, som til dømes å rydda skog, alt var gjort.
Likevel er det ingen tvil om at det største ansvaret for at ein skal ferdast trygt på vegane ligg på sjåførane som køyrer der. Ein har plikt til å avpassa farten etter forholda, uansett kva fartsgrense det er på staden. Men skilting vil vera med på fortelja førarane at her er det viktig å setje farten ned.Det er berre mellombels at Rv 46 skal brukast som omkøyringsveg. Dermed er det lite truleg at det vert løyvd midlar til utbetringar her på grunn av det. Å få vegmidlar er ein prosess som tek for lang tid til at ein rekk det før trafikken går som normalt over Røldal og Haukeli igjen.
Vegstrekninga mellom Hogganvik og Vikedal er ulykkesbelasta, også utan ekstratrafikken no i sommar. Difor er det absolutt grunn til å setja fokus på denne vegen. Akkurat det har vore gjort fleire gongar før utan at noko har skjedd, men det har vist seg før at det nyttar å kjempa for vegmidlar berre ein har tålmod nok.Vikedal Utvikling og innbyggjarane som brukar denne vegen fortener at kommunen også følgjer opp og legg press på politiske styresmakter. Det er der det viktigaste trykket må setjast inn skal ein lukkast med å få til ei naudsynt oppgradering av vegstandarden.