Set pris på kjerringar

— Prisen skal gå til kvinner som gjer noko det står respekt av og som […]

— Prisen skal gå til kvinner som gjer noko det står respekt av og som er eit forbilde. Gjerne som går nye vegar, ei kjerring mot straumen, forklarer Ingrid Johannessen og Mariann Hettervik.
Dei har invitert Vindafjord kommune med for å få større tyngde og breidde i prisen. Og svaret der er positivt.

For Vindafjord
— Skulle vi stått for prisen aleine, kunne det fort bli ein pris på Bjoa. Ideen dukka opp i haust, men vi venta til den nye kommunen kunne vere med på ein slik pris. Prisen er også ein måte å gjere noko i lag i den nye kommunen. Vi vil ha kandidatar frå heile det geografiske området, seier Johannessen.
Dei to kvinnene driv sjølv ei verksemd på Bjoa som heiter Kjerringgarden, og dei vil gjerne vere med og løfte opp kjerringar til noko positivt.
— Kjerring blir ofte brukt negativt på våre kantar, medan det for nordlendingar er noko positivt. Det er eit flott ord, og vi kan vere stolte av å vere kjerringar. Og vi vil vere med og heve statusen, seier Hettervik.

Ros og inspirasjon
Dei understrekar at det ikkje er ein raudstrømpepris, sjølv om heideren er ein kvinnepris. Det er ikkje eit alternativ til 8. mars-tog dei er ute etter å lage. Valøren av kvinnekamp i prisen har dei ikkje lagt stor vekt på å definere.
— Det er inspirerande å få ein slik pris, og at nokon blir trekte fram er med på å gi andre inspirasjon. Forbilde og ros er noko ein treng, og prisen skal vere ein klapp på skuldra. Det er ikkje likestillingskamp vi tenkjer på, seier Ingrid Johannessen.
— Samstundes er det tyngre for kvinner å gjere utradisjonelle ting og velje annleis. Det er framleis meir tradisjonelle val i bygde-Noreg enn i byane. Ein kan slå fast at det er forskjell på menn og kvinner, og at vi gjer ting ulikt. Det er framleis slik at kvinner kan trenge litt ekstra oppmuntring for å gjere utradisjonelle ting. Det skal også vere ein inspirasjon til å gå vidare på feltet sitt, seier Mariann Hettervik.
Sidan kvinner ofte er litt meir forsiktige enn menn, kan det vere ein grunn for å opprette ein kvinnepris, meiner dei to.

Vidt spekter
Målet er å dele ut den første prisen i 2006. Statuttane skal dei lage saman med kulturkonsulent Eva Kalstveit i Vindafjord kommune. Ideen til pris kom i kjølvatnet av eigne erfaringar med å dra i gang ei bedrift. Men det er langt frå berre kvinner som startar si eiga verksemd eller som merkjer seg ut gjennom jobbkarriere som skal vere verd kjerringprisen.
— Det kan vere nesten kva som helst som fortener ein slik pris. Det kan vere ein spesiell innsats, eller nokon som gjer spesielle val, eller val som det står respekt av. Det er ikkje berre vellukka karrierekvinner det handlar om, seier Johannessen.
Dei trur ikkje det skal by på problem å finne gode kandidatar til ein årleg pris.

Hoppa av
Hettervik og Johannessen starta Kjerringgarden for fem år sidan og har bygt ut verksemda gradvis steg for steg.
— Typisk for menn ville vere å ta opp eit lån og starte stort med ein gong. Vi har tatt det litt meir forsiktig, seier Hettervik.
Men responsen og erfaringane frå både bygdemiljøet og andre er gode. I dag arbeider dei 40 prosent med vareproduksjon med urter, og ein besøksdel på garden der dei mellom anna har god mat å servere.
Å starte opp Kjerringgarden er eit utradisjonelt val sidan dei begge hoppa av ein yrkeskarriere for å gjere noko dei hadde lyst til. Ingrid Johannessen arbeidde med kultur og miljø i det offentlege, medan Mariann Hettervik hadde 12 år bak seg som farmasøyt.