Set sluttstrek i Vadsø

Chris Jespersen har brukt denne vinteren til å ta eit steg vidare. Det var ikkje […]

Chris Jespersen har brukt denne vinteren til å ta eit steg vidare. Det var ikkje hans øvingar verken i NM eller Ungdoms-VM. Skånevik-guten beherskar nemleg fristil betre enn klassisk. I Vadsø får han sjansen til å gå favorittstilarten. 50-kilometer fristil står på programmet i andre del av NM. Det er ein forventningsfull 22-åring som reiser til Finnmark. I same kategori finn vi Larsen og Vestbø. Sandeid-gutane har hatt ein glimrande sesong. Larsen har vore ein av dei beste 18-åringane i eldre junior. Thomas har tatt kvantesteg i den yngre klassen.
— Eg går for ei ny topplassering i noregscupen. Føler forma er bra sjølv om eg gjekk på ein sprekk i Birkebeinerrennet. Skal heldigvis ikkje gå så langt i Vadsø, seier Bjørnar til Grannar. Han har forhåpningar om å komme med på neste års juniorlandslag. Vindafjord-løparen føler det er innan rekkevidde dersom han får klaff i sesongens siste viktige renn. Den talentfulle skigymnasiasten utelukkar ikkje at han kjem til å stille opp i eit turrenn etter finalen. Men han føler behov for å lade batteria etter ein tøff sesong. I slutten av april er det fullt kjør igjen.
— Både eg og Thomas kan gjere det bra, seier Bjørnar. Den eitt år yngre sambygdingen har vore den største lokale overraskinga i vinter. Thomas braut ein barriere då han gjekk til topps i noregscuprennet på Røros. Fort gjekk det også i junior-NM i Steinkjer. Vestbø kan bli blant dei seks beste i samandraget i noregscupen. Det betingar at han gjer ein god figur i den nordlegaste landsdelen. Stortalentet er veldig motivert for vidare satsing. Kommande sesong må han finne seg i å måle krefter med eitt år eldre konkurrentar. Den utfordringa er han førebudd på å ta.