Siger med bismak

Med 14 mot sju stemmer vedtok Etne kommunestyre tysdag å bevara Rygg og Fjæra skular, […]

Med 14 mot sju stemmer vedtok Etne kommunestyre tysdag å bevara Rygg og Fjæra skular, i tillegg til Rygg barnehage. Men Rygg-foreldra som var til stades såg ingen grunn til å feira.
— Eg fekk eit slag i magen med forslaget til Ap. Jubelen steig, men så var det bang ned igjen, seier Tora Lilledal frå Rygg krins.
Rett etter vedtaket fremja varaordførar Siri Klokkerstuen (Arbeidarpartiet) forslag om å senda budsjettet til legalitetskontroll hos fylkesmannen.
— Det vil vera interessant å vita om det går an å vedta eit så usikkert budsjett. Desse utfordringane kjem tilbake neste år, og me hadde sett at me hadde hatt eit budsjett med betre inndekning, sa Klokkerstuen.
Slitsamt
Høgre sitt budsjett som blei vedtatt, går blant anna ut på å redusera i varer og tenester, gjera Fjæra udelt ut perioden, redusera rammetimetalet frå 25 til 21 prosent over det lovbestemte, flytta politiske møte til ettermiddagen, ikkje auka den politiske møtegodtgjersla og ta midlar frå lønsoppgjeret. Høgre har også lagt inn auka skatteinntekter frå 2009 og auka overføringar frå den raud-grøne regjeringa dei neste åra.
— Det kan henda nokon vil tru me er for optimistiske, men får håpa det går bra. Me treng ikkje ein opprivande debatt igjen, seier ordførar Amund Enge (H) til Grannar etter at Ap hadde kunngjort klagen sin.
Høgre sitt forslag fekk fleirtal med støtte frå Senterpartiet, Framstegspartiet, Venstre og Krinslista for Skånevik.
Nå avventar Rygg-foreldra fylkesmannen sin konklusjon, men jamvel om han godkjenner budsjettet, er utryggleiken stor.
— Eg trur ikkje Rygg er trygg dei neste fire åra. Det er nok av dei som vil ta dette opp. Dette slit både på politikarane og folk i bygda, seier Tora Lilledal, som er takksam for det Høgre har utretta i denne saka.
Ap åleine
Ap sitt forslag gjekk ut på å legga ned Rygg skule frå hausten 2006, gjera Fjæra skule til udelt og vurdera Rygg barnehage når opptaket er klart til våren. Partiet ville ikkje redusera i rammetimetalet fordi dei ynskte å sikra eit godt tilbod til alle elevane i kommunen, men resten av kommunestyret vende Ap ryggen.
— Me ser at viss me ventar med å gjera noko vil situasjonen komma opp igjen. Me ser også store utfordringar innan pleie og omsorg, sa Klokkerstuen.
Langsiktig tenking
Debatten tysdag var prega av at kommuneøkonomien er skral.
— Det blir lite inspirerande når utfordringane i stor grad dreier seg om innsparingar, sa Arnold Solheim (Kristeleg Folkeparti).
KrF og Sp tok til orde for å vurdera skulestrukturen i kommunen og deretter vedta kva ein skal gjera med skulane.
— Me må ta ein skikkeleg gjennomgang på skule- og barnehagestrukturen til neste år og laga ein plan for strukturen i framtida, ikkje berre eitt år om gongen, sa Solheim utan å få fleirtal.
Rådmannen tok kommunestyret i skule og bad dei om å tenkja langsiktig.
— Me må skaffa oss eit økonomisk handlingsrom. Me vedtar budsjett som balanserer akkurat, men burde hatt eit netto driftsresultat på fire millionar. Viss me ikkje klarer å gjera noko på sikt, vil me sitja slik kvart år, sa rådmann Elling Hetland.
Rådmannen veit ikkje kor lang tid fylkesmannen bruker på å vurdera om budsjettet til Etne er lovleg. Ap har tre veker på seg til å senda inn klagen.