Sikra eitt poeng i heimedebut

Fotball, 5.divisjon Skjoldar–Stegaberg 0-0 Skjold stadion, Vikaneset Dommar: Warren Wade Tilskuarar: ca 100 Skjoldar-laget: Jarle […]

Fotball, 5.divisjon
Skjoldar–Stegaberg 0-0
Skjold stadion, Vikaneset
Dommar: Warren Wade
Tilskuarar: ca 100

Skjoldar-laget: Jarle Rødde, Kurt Rødde, Rune Idar Frøyland, Egil Moe, Leif Henning Rørtveit, Thomas Gausvik, Jan Bauge, Leif Arne Svendsbø (Odd Erik Egge etter pause), Kjerand Haugen, Åsmund Skumsnes (Åsmund Børretsen etter pause), Ivar Ødegård.
Gule kort: Kjerand Haugen, Skjoldar og Helge Storstein, Stegaberg.

Men første omgang, sett vekk frå dei fyrste minutta, vart utan dei store sjansane og var lite underhaldande. I andre omgang vart det meir fart i kampen, der begge laga hadde målsjansar. Ti minutt ut i omgangen hadde bortelaget sjansen til å gå i leiinga då ein Stegabergspelar var åleine med keeper, men han utnytta sjansen dårleg. Dei neste ti minutta hadde Skjoldar, med Jan Bauge i spissen, fleire sjansar, men det ville ikkje lykkast for heimelaget.
Trenar Linda Worre Bråtveit er ikkje fornøgd med kampen sett under eitt.
— Den fyrste omgangen var ikkje god frå Skjoldar si side, me startar bra, men så dabbar det av utover i omgangen, seier Bråtveit.
— Andre omgang gjer me det betre, men laget har mykje meir å gi enn dette. Dette var ein kamp som fort kunne slå begge vegar, med om lag like mange målsjansar til begge laga, så uavgjort var eit greitt resultat, held Bråtveit fram.
— Skjoldar slit for tida med fleire skada spelarar. Hagbart Bauge er ute med skade og Tore Frøyland fekk ein stygg smell i kampen mot Ferkingstad og det er usikkert kor lenge han vert vekke. Jan Bauge spelte kampen i dag, men har ein strekk han kjenner godt, og Åsmund Børretsen har ikkje trena for fullt den siste tida. Skadar, og det at me berre har trena to gonger på gras før serien starta gjer at ting tek litt tid, men me kjem sterkare tilbake, avsluttar Bråtveit.