4. divisjon menn avd. 02
GrannKam- Djerv 1919 4-2 (2-0)
15 min: 1-0 Stian Haugland
30 min: 2-0 Sjølvmål
65 min: 3-0 Anders Stenberg
75 min: 3-1
77 min: 3-2
87 min: 4-2 Erik Reistad
Gult kort: Frank Heggebø
Trenar for GrannKam, Ståle Berge, seier etter denne siste kampen at han er glad og nøgd over at laget nå endar midt på tabellen.
— Slik utviklinga har vore i haust, må vi vere godt nøgde med det.
I dag fekk vi eit mål tidleg, og det var ekstra viktig for oss nå. Laginnsatsen var veldig god. Juniorane som har kome inn, har gjort ein god jobb dei siste kampane, noko som er godt å ta med seg neste sesong. Eg meiner det er viktig å ta vare på våre eigne.
I haust har det vore mange skadar, og folk har vore borte, seier trenaren Ståle Berge, som nå seier takk for seg som trenar.
— Eg føler det er nok etter tre år som trenar. Laget treng nytt blod nå.