Ølens-løparen er godt førebudd til årets sesong. Han har eit betre treningsgrunnlag enn det som har vore tilfelle dei siste åra.
— Eg har byta jobb og står litt friare i forhold til treningar og samlingar, seier Andreas Hustveit. Han har som kjent vore med på å etablere eit treningsstudio i heimbygda. Hustveit fekk også forholda lagt til rette hos sin førre arbeidsgivar. Men det blei i periodar lange og harde arbeidsdagar. Hustveit mangla i periodar overskot. Det er både viktig og heilt avgjerande for dei som har ambisjonar om å kjempe i toppen. Han gjennomfører nå flesteparten av øktene på dagtid. Toppidrettsutøvaren har fått erfare at det er langt meir inspirerande å trene i dagslys. Han er full av lovord om opplegget på landslaget. Sidan i vår har det vore månadlege samlingar for han og dei andre som håper på Torino-deltaking i mars.
Store mål
— Eg siktar meg inn både NM og verdscup. Men det er som sagt Paraolympics i mars som er det store målet. Medalje er målet i dei norditalienske alper, seier Hustveit. På ein god dag er han kapabel til å kjempe om pallplasseringar. Førre sesong var under pari for Hustveit. Han gjekk på ein aldri så liten smell. Det hadde samanheng med at det blei for mykje jobbing og hard trening. Totalbelastninga blei rett og slett for stor i periodar. Andreas lærte at han må bli flinkare til å lytte til signala som kroppen sender ut. Han har tatt konsekvensen av det. Det lokale medaljehåpet gir uttrykk for at restitusjon er like viktig som treninga.
— Du må ha overskot for å få optimal effekt av harde treningsøkter, seier friskusen.
Har lyst på meir gull
Andreas Hustveit har ikkje tatt stilling til kva distansar han skal satse på i Torino. Gullguten frå Salt Lake City har seks medaljar i Paraolympics. Ein av dei er av edlaste valør. Hustveit fekk i USA erfare at det er stor forskjell på å stå øverst på sigerspallen, eller å bli nummer to og tre. Den norske nasjonalsongen blei spelt til ære for han i førre meisterskap. I februar er det faktisk 12 år sidan han debuterte på Lillehammer. Det freistar med fleire medaljar.
— Det er ein av grunnene til at eg bruker så mykje tid og energi på dette som eg gjer. Har aldri trent så mykje som eg har gjort i sommar og haust. På det meste har eg vore oppe i over 60 timer i månaden. Trenar Simon Bjarte Aasen har vore ein viktig støttespelar. Aasen som jobbar på Norges Toppidrettssenter, har vore til stor hjelp i sesongførebuingane. Han jobbar også tett opp mot Ole Einar Bjørndalen og fleire av våre beste utøvarar, fortel Hustveit.
Siktar mot gull i Torino
Ølens-løparen er godt førebudd til årets sesong. Han har eit betre treningsgrunnlag enn det som […]