Sin første kongepokal

— Det var stort, innrømmer Eydis Dalen, som spelar sin første sesong i Oslo-klubben som […]

— Det var stort, innrømmer Eydis Dalen, som spelar sin første sesong i Oslo-klubben som har dominert norsk kvinnevolleyball totalt dei siste sesongane. Ho kom i sommar tilbake frå to år i tysk toppvolleyball. Der har Eydis spelt for ein klubb i Berlin og ein i Sohl, ikkje langt frå Oberstorf i det gamle Aust-Tyskland.
— Denne sesongen prioriterer eg studiar, seier Ølen-jenta som studerer naturforvaltning ved universitetet på Ås (tidligare landbrukshøgskolen).
— Eg trenar framleis mykje, og stort sett er eg i treningstøyet kvar einaste dag. Så det går veldig mykje tid til volleyballen, men skulen har nå klar førsteprioritet, seier Eydis frå den kjente volleyballfamilien. Broren Torgeir (19) spelar eliteserie med Førde, mens lillebror Kolbjørn (16) går første året på Sand i Ryfylke, der forbundet har sitt satsningsprosjekt. Torgeir har ei rekkje juniorlandskampar, mens Eydis i dag står bokført med 14 A-landskampar.
— Om det blir fleire, vil berre tida vise. Får eg lysten og den skikkelege motivasjonen tilbake, utelukkar eg ikkje det, understrekar ho.

Har seriegull
Eydis har seriegull med Klepp frå åra før ho reiste til Tyskland. Ho har også spelt eliteserie for Fyllingen i Bergen. Ho har alltid vore sett på som ein av norsk volleyballs mest spennande og beste spelarar på damesida. Dette er første året i Koll, som har vunne ni cupfinalar og åtte seriemeisterskap dei siste åra.
— Vi har eit veldig bra lag etter norske forhold, og vi satsar denne sesongen både på å vinne serien, og å gå til topps i sluttspelet, fortel Eydis. Volleyballforbundet satsar nå som fotball og handball på ei finalehelg i hovudstaden. Det var fullsette tribunar, TV-dekning og stor merksemd rundt helgas arrangement i Oslo.
— Eit bra tiltak, og ei stor oppleving for oss spelarar, avsluttar den nybakte noregsmeisteren.