Ein kommunikasjonssvikt i Vindafjord kommune førte til at to tilsette sa ja til kvar sitt sirkus som ville kome til Ølen torsdag. Sjølv om dobbelbookinga er eit faktum, skal både Cirkus Arnardo og Cirkus Agora la førestellinga gå som planlagt.
— Me kunne unngått dette om dei hadde kome med førespurnaden skriftleg. Sirkusa har for vane å ringje eit par veker før, og i dette tilfellet var det to forskjellige som tok imot førespurnad frå kvar sitt sirkus, seier ordførar Arne Bergsvåg.
Sjølv om plakatane for begge sirkusa er trykte med førestelling ved samfunnshuset, har kommunen nå ordna plass til Cirkus Arnardo ved Ølen skule.
Sjeldan tilfelle
For å finna ei liknande hending må ein heilt tilbake på 70-talet. Då vart Cirkus Arnardo booka samtidig som det tidlegare sirkuset Berny.
— Det er litt spesielt at to sirkus skal ha førestelling same plass på same klokkeslett, men me lovar å gjere noko moro ut av det. Me har jo også eit fantastisk program, seier sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal frå Cirkus Agora.
Vestlandet generelt har eit større og betre publikum i følgje Smørdal, så han trur ikkje dobbelbookinga vil ha så mykje å seie på kor mykje publikum som kjem. I Ølen er det 3.500 innbyggarar, og dei to sirkusa rommar kvar 3.000 plassar, så det skal i alle fall ikkje vere fare for fulle hus.
Sirkus-NM
Cirkus Agora har 25 års jubileum og lokkar med blant anna verdas største elefant, og kanskje den eldste sirkusartisten på 70 år som gjennom tidene har vorte snakka om som den beste i verda.
Cirkus Arnardo har vorte omtala som det beste sirkuset i Noreg, og er landets eldste med 56 år bak seg.
— Det blir eit slags Sirkus-NM i Ølen. Kven kjem til å trekkje mest folk, spør Arne Bergsvåg.
Ordføraren har sjølv ikkje moglegheita til å gå på sirkus, men oppfordrar alle til å få med seg dei heilsprø kunstene.
Bodil Eilertsen frå Austlandet er for tida på ferie saman med familien i Ølen, og i går var ho på handletur saman med ungane sine. Sjølv om sirkus er ein favoritt blant dei yngre, syntest ho førestellinga var for sein til å gå på.
— Når det begynner klokka sju og held på nokre timar ut på kvelden vert det for seint for små ungar. Det hadde passa betre klokka fem, seier ho.
Men om ho skulle tatt med seg ungane på sirkus, hadde det blitt Cirkus Arnardo.
— Dei hadde flottast plakat, smiler ho.