— Det er dårlig at butikken blir lagt ned. Det er nok ingen som forstår det heilt før det har gått ei stund. Eg trur banken forsvinn med butikken, og kva skal me med skule her når me verken har butikk eller bank, spør Knudsen oppgitt.
— Men viss nokon er så modige at dei vil starte opp igjen, så hadde det vore flott, legg han til.
Alt håp om at det skal vere liv i butikkvindauga også i framtida er altså ikkje ute. Tysdag stengde handelslagsstyret i Imsland butikkdøra i Ølmedal, medan drifta held fram i Kvaløy.
Reiser nordover
Knudsen har jobb nordover frå Ølmedal, så handling i Vikedal eller Sandeid blir nok mest aktuelt for han framover, trur han.
— Eg køyrer ikkje seks kilometer til Kvaløy for å handle, framhevar han.
Stemninga for å reise til Kvaløy og handel der er laber i Ølmedal etter striden som har vore. Knudsen er likevel ikkje så fast i prinsippa som ein del andre i bygda er.
— Det kan jo vere eg drar til Kvaløy dersom eg går tom for tobakk, seier han.
Det er ikkje sånn at han ikkje kan setje foten innfor døra i Kvaløy-butikken. Men Knudsen trur det blir mest naturleg for mange å handle i Ølen, Sandeid eller Vikedal framover, sidan mange reiser den vegen til jobb og for å gjere andre ærend.
Hamstra varer
Det er andre gong Knudsen er innom butikken i Ølmedal denne spesielle måndagen. Berit Haugland, som er på jobb i butikken, fortel om storhandel dei siste dagane, noko som viser igjen i tomme hyller. Folk har hamstra så dei har mat ei stund framover.
— Det var mykje folk her då me opna i dag, og folk handla fulle korger. Dei fekk også kaffi og brus, og me tente lys, fortel Haugland.
No er det ettermiddagsstille i kaffikroken, men det kjem stadig folk inn for å gjere siste handel i nærbutikken.
— Folk frå Kvaløy handlar her også, kommenterer Haugland.
Ho seier at det særleg er eldre og småbarnsfamiliar som er knytte til butikken. Åse Vigdis Rønnevik frå Skipavåg er mellom dei som kjem innom og handlar denne måndagsettermiddagen. Ho har ungar i barnehagen i Ølmedal, og synst såleis det er greitt å handle der.
Treng ny drøsestad
— Det var ungar her i dag som lurte på kva som skal skje med butikken og med meg no, fortel Haugland.
Det er ikkje berre dei vaksne som engasjerer seg i nærbutikken. Den butikktilsette er glad ho får halde på jobben sin, trass alt, sjølv om ho synst det blir rart å dra til Kvaløy på jobb. Ein av dei fire tilsette butikkassistentane i handelslaget i Imsland blir nemleg sagt opp i samband med nedlegginga. Handelslagsstyrar Einar Solheim har også sagt opp stillinga si frå 1. mai, men det vil bli lyst etter ein ny styrar etter han.
— Det har vore veldig sosialt å handle her. Butikken har vore eit samlingspunkt, seier kunde Knudsen.
— No må me prøve å finne ei ny drøsestove, kommenterer Haugland.
Samlingar i bygdehuset i Ølmedal kvar veke har vore lufta som alternativ.
Barnehagen gode kunde
Butikken i Ølmedal ligg like ved bank, skule, barnehage og bygdehus. Barnehagen er mellom dei som har vore ivrige brukarar av butikken, og dei tilsette der er også lei seg for at den forsvinn.
— Me legg ned mange tusen kroner i butikken. Me handlar alt der, seier Anne-Grethe Gravdal, ei av dei tilsette i barnehagen.
Nærbutikken er god å ty til når dei plutseleg treng noko i barnehagen.
— Det er dumt at den forsvinn. No når me har butikken så nær oss kan me berre sykle dit viss me får lyst til å handle noko, held Gravdal fram.
— Eller viss me plutseleg treng pyrisept, eller eddik til å ha på vepsestikk, føyer Bente Kristin Grimaas Bakkedal, ei anna av dei tilsette, til.
No planlegg dei å byrje å handle i Vikedal, sidan dei køyrer forbi der på veg til jobb. Dei trur det blir beste løysinga.