Siste sjanse

Mange av dei tilsette har måtta ta vegen til arbeidskontoret for å freista å få […]

Mange av dei tilsette har måtta ta vegen til arbeidskontoret for å freista å få seg ny jobb. Men jobbane heng som kjent ikkje på tre i vårt distrikt. I Skånevik blei det sett inn store ressursar i det såkalla Skånevikprosjektet for å prøva å få nye arbeidsplassar til bygda.

Og det lukkast dei med. Telemarketingselskapet Stord Dialog etablerte seg i bygda og starta avdeling i Skånevik for ni månadar sidan. Men nå er det slutt. Ikkje på grunn av mangel på oppdrag. Men på grunn av mangel på folk. Selskapet har fleire oppgåver enn det klarer å ta på seg, men manglar folk til å utføra oppdraga.

Men Stord Dialog trekkjer seg ikkje ut av kommunen. I alle fall ikkje i første omgang. Som eit siste forsøk på å få folk frå kommunen og distriktet til å jobba for seg, inviterer eigar av selskapet, Jan Kåre Pedersen, til orienteringsmøte i Etne på tysdag. Han har avtale om å flytta inn i dei ledige lokala i Meieriplassen kjøpesenter midt i Etne sentrum. Dersom responsen på møtet tysdag er god, og nok interesserte melder seg, tar det ikkje meir enn ein månad før operatørane kan vera på plass.

Det er ganske uforståeleg at ei bedrift må leggja ned ei avdeling på grunn av mangel på arbeidsfolk. Spesielt i Etne kommune, som har toppa statistikken over arbeidsledige i Sunnhordland i mange år. I tillegg til vaksne personar, oppfordrar Pedersen skuleelevar og studentar til å søkja, då denne type jobb passar godt for dei.
Så sterkt som me kan vil me oppfordra alle som går arbeidsledige, andre som kan tenkja seg ein jobb, pluss skuleungdom, om å møta opp på tysdag for å få informasjon om dei nye arbeidsplassane. Det er ikkje kvar dag ein slik sjanse byr seg. Tar ein ikkje mot invitten nå, kan det gå lang tid før neste gong nokon står og viftar med nye arbeidsplassar.