Tre frå politiet var vitne til at patruljebilen rørte på seg som ein førarlaus Pelle politibil. Først rulla den i bakken, hoppa utfor ein murkant og stoppa deretter i møtet med lastebilen som stod parkert nede i bakken ved det tidlegare meieriet på Håfoss, om lag 20 meter frå der den førarlause politibilen tok ut.
Skade i fronten
— Det var eit hendeleg uhell. Sjåføren parkerte bilen i fri fordi blålysa stod på, og gjekk deretter ut av bilen. Eitt eller anna har skjedd, kanskje var ikkje handbrekket trekt nok opp, forklarer lensmann Jan Erik Matre i Etne som var vitne til uhellet. Politibilen fekk betydeleg skade i fronten, men kunne køyre vekk for eigen maskin. Lastebilen fekk skadar på skjerm og lykt, og døra på førarsida kilte seg. — Det er litt kjedeleg, men slikt kan skje. Det var folk i området, men heldigvis ikkje akkurat der. Så det var ingen fare i episoden, seier Matre. Politibilen trilla ned ei smal sluse der det stod parkert ein personbil, men den fekk ingen skrammer.
Politibilen stod i fri og med blålys på
rulla den ned mellom personbilen til
venstre og treet til høgre.
Etter eit hopp over ein murkant, stoppa
politibilen i denne lastebilen.