Mattilsynet fekk ytterlegare mistanke om at omfanget av salmonella i polsk kjøtdeig kan vere større enn først rekna med. Det er basert på prøvar Mattilsynet har henta inn hos importøren Scandia Foods i Larvik.
Forbrukarane blir difor oppmoda om å vere på vakt mot kjøtdeig som er produsert av polske råvarer tidlegare i år. I praksis vil det seie all kjøtdeig av denne typen som folk har i frysaren.
Kjøtdeig som er laga av polsk kjøt skal vere merkt med kva land det er frå.
Polsk sidan juni
Fatland Ølen sende aldri infisert kjøtdeig ut i butikkane fordi dette partiet vart oppdaga gjennom interne kontrollrutinar. Mattilsynet såg difor ikkje nokon fare ved kjøtdeig som var produsert tidlegare hos Fatland. Men etter at det vart konstatert salmonella hos Nordfjord Kjøtt som gjorde folk sjuke, har Mattilsynet gripe fatt i den polske kanalen for import hos Scandia Foods i Larvik.
Det betyr at all kjøtdeig frå Fatland med polsk råvare er i denne kategorien som Mattilsynet ber forbrukarane om å la vere å ete.
— Vi får forholde oss til autoritetane sjølv om vi har hatt gode rutinar for å sjekke dette kjøtet. Det blir vanskeleg for forbrukarane å forholde seg til ulike datoar, seier konsernsjef Leif Malvin Knutsen i Fatland-gruppa.
Fatland Ølen starta opp produksjonen med polske råvarer i juni i år.
Over og ut for polsk
Den polske kjøtdeiga har vore seld i svært mange butikkar her i landet. Dei to andre produsentane som kan ha selt helsefarleg kjøtdeig på grunn av salmonella er Nordfjord Kjøtt og Kurås. Sistnemnde har berre vore distribuert gjennom ICA-kjeda i Nord-Noreg, medan Nordfjord Kjøtt har seld kjøttdeiga gjennom Rema 1000.
Konsernsjef Leif Malvin Knutsen i Fatland-gruppa trur det kan gå lang tid før det kjem polsk kjøt til Noreg igjen. Kjøtet kom inn til landet gjennom eit smotthol fordi det var tilsett norsk salt på førehand. Dette tollholet er tetta igjen, og ville vere ein heilt annan pris å importere det i dag.
— Det går nok lang tid før merkelappen salmonella ikkje lenger er knytt til polsk kjøt, seier Knutsen.
Sjekke kjøtdeig i frysaren
Mattilsynet fekk ytterlegare mistanke om at omfanget av salmonella i polsk kjøtdeig kan vere større […]