Sjetteplass på Andreas Hustveit

— Eg syntes det var klar fremgang å spore i høve til førre helgs noregsmeisterskap, […]

— Eg syntes det var klar fremgang å spore i høve til førre helgs noregsmeisterskap, sa Hustveit. Vindafjord-utøvaren fann seg godt til rette i dei bra preparerte løypene. Hustveit kunne fortelje at han har mange gode minne frå Birkebeinaren langrennsarena og Mjøs-byen. Det var nemleg der han debuterte i Paraolympics-samanheng. Dei prestisjefylte leikane er også sesongens store mål i år. Andreas føler han er i rute halvannan månad før det brakar laus i dei norditalienske alpar. Friskusen ser fram til høgdeopphaldet.
— Korleis vurderer du innsatsen i dei tre verdenscuprenna på Lillehammer?
— Eg er som sagt brukbart nøgd. Plasseringsmessig så kom eg best frå det på fredag då eg hadde sjette beste tid. Fattige to tidelar skilde meg frå å gå vidare frå prologen på sprinten. Det var åtte som gjekk vidare til semifinalen. Eg var dessverre litt for seint ute til å avansere denne gong. Dermed blei det niandeplass ettersom eg hadde best tid av dei som ikkje gjekk vidare, seier han. I går blei det ny niandeplass i dei siste World Cup-renna.
— Dette var sannsynleg dei tre siste renna før Paraolympics. Alle dei beste var med her. Slik sett fekk eg ein peikepinn på korleis eg ligg an. Føler det er fullt mogleg å blande seg inn i medaljestriden i Torino. For å klare det må eg ha fullklaff og ein bra dag. Fekk i helga erfare at det er høgt nivå og stor breidde i troppen, sa Andreas Hustveit. Han har dei siste dagane trent under flotte forhold i Trysil. Han har nemlwg campert saman med landslagskollega Karl Einar Henriksen. Dei komande vekene kan Korlevoll bli redningen.
— Det har ikkje vore mogleg å gå på ski i Ølen den siste tida. Korlevoll ser derfor ut til å bli redningen. Eg er innstilt på at eg må tilbringe ein del tid i bilen de komande vekene, sa Hustveit. Friskusen håper og trur på formstigning fram mot høgdeopphaldet.
— Eg føler formkurven peikar i rett retning, avsluttar han.