Sjokkert over Frp

— Det er mangel på kunnskap dersom Frp tru dei kan skjere seks prosent og […]

— Det er mangel på kunnskap dersom Frp tru dei kan skjere seks prosent og at det samstundes skal vere smertefritt. For til dømes Ølen skule betyr det eit kutt på 1,2 millionar kroner, sa Terje Kleiven i bydelista for Vats og Skjold.
Han meinte at også rådmannen sitt kutt på vel seks millionar (to prosent) vil bli problematisk dersom det ikkje blir tatt omsyn til at det ikkje er alle tenester som kan spare like mykje.
Men fleirtalskoalisjonen vedtok at denne sparekampanjen skal kome etter arbeid i fleire komitear fram til våren.
Terje Halleland (Frp) påpeika at det er snakk om kor fort ein skal spare, og ikkje kor mykje.

Solid fleirtal
Det var heller lite nytt i den første budsjettdebatten i Vindafjord kommune der det i utgangspunktet manglar over 13 millionar kroner. Høgre og Frp vil ta alt i ein jafs, medan fleirtalskoalisjonen med Sp, Ap, KrF og tre bygdelister vil bruke i alle fall to år på å få økonomien i balanse. Dei har eit solid fleirtal i det nye kommunestyret med 25 representantar, medan opposisjonen Høgre og Frp har åtte.
Men uansett om innsparinga skal gå over to år, var store kutt ikkje det politikarane hadde venta seg som den første jobben i nye Vindafjord.
Det var ein smule kontrast då kommunestyret rett etter budsjettet var banka gjennom, tok juleferie ved å avsynge «Deilig er jorden».

Svømmebasseng og samfunnshus
Ordførar Arne Bergsvåg viste til lyspunkt ved at bassenga i Vindafjordhallen og Ølen skule er sikra varmt vatn neste år. Han viste også til verbale mål om å satse meir på ungdomsarbeid, reiseliv og vaktmeisterteneste for eldre.
At Ølen samfunnshus får eit tilskot på 300.000 kroner til amfi for å dra i land tippemidlar som alt er løyvde, har ført til misnøye hos støttespelarar i Sandeid samfunnshus som manglar 250.000 kroner i sitt utbyggingsprosjekt.
Men Jan Ove Stople (H) fekk berre støtte hos sine eigne og Frp, pluss tre i fleirtalskoalisjonen, trass i iherdig argumentasjon. Ordførar Arne Bergsvåg stod hardt på at det heller var snakk om å ta ut eller inn nye ting i budsjettet.
Frp fekk ikkje fleirtal for å utgreie helsereiser for eldre, medan Gunnar Ulland (H) fekk verbal støtte til at Ølen kommune går inn i eit prosjekt i kompaniskap med Ølen vidaregåande skule og næringslivet for positiv utvikling på indre Haugalandet.