— Me hadde ein aksjon tysdag der me pågreip sju personar. Me sat på opplysingar om hasjbruk, seier Arild Austrheim, politiførstebetjent ved Ølen lensmannskontor.
Det var mannskap frå Ølen, Etne og Vindafjord som aksjonerte. Politiet har lagt beslag på mindre mengder hasj og ein del brukarutstyr.
Dei pågripne er av begge kjønn. Ein person er under 18 år, medan dei resterande er mellom 18 og 30 år. Alle har erkjent bruk.
— Ein har også erkjent kjøp og vidaresal av ikkje ubetydelege kvantum hasj, seier Austrheim.
Denne personen blei avhøyrd tysdag, og sleppt laus seinare på dagen. Tre av dei pågripne har fått førelegg, medan tre har erkjent å ha hatt med så store kvantum å gjere at dei vil få ei domsavgjersle. Politiet er i tvil om dei skal vurdere den siste personen til doms.
— Me ser på hasjbruk som alvorleg. Det er eit ulovleg og sløvande narkotikum, og det er straffbart, framhevar Austrheim.
Dei pågripne er både kjenningar av politiet og nye personar.
— Me ønskjer ikkje at bruken skal spreie seg, seier politiførstebetjenten, og legg til at politiet er særleg opptatt av at dei nye skal kutte bruken før det går for langt.
Sju tatt i narkorassia
— Me hadde ein aksjon tysdag der me pågreip sju personar. Me sat på opplysingar […]