Lillehammer: På duathlon (halve løpet i klassisk og halve i friteknikk) blei han rundt nummer 40.
— NM kom ei veke for tidleg for meg, sa Chris som måtte bryte øvinga der han hadde dei største forventingane i helga. På duathlon hadde han ikkje dei same ambisjonane, medan han droppa sprinten.
— Sprinten gjekk og i klassisk. Det er òg for mykje å gå tre løp på tre dagar, så her var det heilt naturleg å legge inn ei pause, seier han.
Chris gav seg tidleg på 15 kilometer.
— Med ein slik inngang til NM blei det sjølvsagt vanskeleg. Eg gjekk til start som realist, og eg blei dessverre ikkje positivt overraska, innrømmer han. Og i fjor fekk han NM-veka spolert på grunn av sjukdom.
— For utøvarane på mitt nivå er NM eit av sesongens høgdepunkt, derfor er det alltid bittert å stille til start utan at ein føler seg frisk nok til å prestera på topp, seier han.
Middels sesong
For Chris Jespersen har det ikkje vore nokon stor sesong.
— Eg var på gang, så dette kan bli bra. Først må eg bli skikkeleg frisk, og så må eg komme meg i full trening, seier han. Første helg i januar blei Chris nummer seks på friteknikk under Norgescupen i Granåsen.
— Det viste at eg i mine beste stunder, er bra. Så mi målsetning om å få gå eit World Cup renn før sesongen er over er ikkje skrinlagt, men det er klart at det å bli satt ut av spel i to veker midt i hardaste konkurransesesongen var ikkje heilt etter planen, innrømmer han.
Chris bur no på Meråker i Nord-Trøndelag.
— Her har vi gode treningsforhold, og eg har det bra, seier Chris Jespersen som presiserar at han er innstilt på å bruke tid på å bli ein stabil landslagsløpar.
— Mitt konkrete mål er å gå meg inn til fast plass på World Cuplaget i løpet av eit par år, avsluttar han.