Skadd i frontkollisjon

Politiet hadde fått melding om ein frontkollisjon mellom ein tankbil og ein personbil, heldigvis viste […]

Politiet hadde fått melding om ein frontkollisjon mellom ein tankbil og ein personbil, heldigvis viste det seg at personbilen hadde fått stoppa før ei alvorleg ulukke skjedde.
Tankbilen full av mjøl hadde kome over i motsatt køyrebane, treft ei fjellskjering, før han stoppa i autovernet. Personbilen fekk skrammer langs høgre side, men sjåføren i denne bilen slapp med skrekken.
Lasta i mjølbilen vart lasta om i ein annan mjølbil, utan at vegen måtte stengast av den grunn, opplyser vakthavande i politiet.