— Alle må ha mat for å fungere, og vi stiller opp med frukost, middag, kvelds og nattmat om nødvendig. Brannmannskapet fungerer ikkje utan mat dersom dei skal gjere ein god innsats, seier Gunn Vikingstad som er ein av dei som har trekt i trådane for å få matserveringa på skinner på bygdehuset i Vikebygd.
Opna butikken
Det var først og fremst kvinner i Vikebygd som svinga seg rundt og organiserte kjøkkenteneste for å skaffe brannskapet mat og drikke. Dermed måtte kjøpmann Rolf Alne opne landhandelen og finne fram varene.
— Geir Rasmussen hadde tilfeldigvis ein del utstyr med varmeskap i bilen sin. Det kom godt med på søndag. Han har også kjøkkenerfaring som kom godt med, seier Vikingstad.
Det var ingen problem med å fylle opp vaktlistene for kjøkkentenesta.
— Dugnadsånda er imponerande. Når det skjer noko stiller folk opp utan å mukke, seier Vikingstad.
Til felten
I tillegg til matservering på samfunnshuset, laga kjøkkengjengen også mat som vart frakta inn til mannskap ute i felten.
— Det er imponerande innsats. Vi visste det ville ta tid å få sløkt denne brannen og behovet for mat og drikke melder seg raskt. Men det overraska heller ikkje, for vi er vane med at når vi ber om hjelp i bygdene våre, så stiller også folk opp, seier lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord.
Han hadde også god hjelp av orienteringsgruppa i Vikebygd som skaffa o-kart som var til god hjelp.
Gunn Vikingstad (t.h.) hadde ingen problem med å få fylt vaktlister til kjøkkenteneste. Her saman med Inger Bjordal og Geir Rasmussen.
Skaffa mannskapet mat
— Alle må ha mat for å fungere, og vi stiller opp med frukost, middag, […]