Skal få engasjement og fart rundt Dagros

Gjertrud Svartveit Osmundsen frå Sveio skal i tre år jobbe som prosjektleiar for mjølkeprosjektet på […]

Gjertrud Svartveit Osmundsen frå Sveio skal i tre år jobbe som prosjektleiar for mjølkeprosjektet på Haugalandet. I tillegg til den halve stillinga som prosjektleiar driv ho sjølv med mjølkekyr heime i Sveio.
— Jobben min blir å få opp engasjementet og optimismen blant dei som ynskjer å drive med mjølkeproduksjon. Det er altfor få som satsar på mjølk, og målet er å snu den trenden, seier ho.
Alf Egil Vaula frå Spåtveit i Øvre Vats, er ein av dei som har våga å satse på mjølkeproduksjon. Saman med to naboar skipa han Spartveit Samdrift rundt årsskiftet. I dag har dei ein mjølkekvote på 328.000 liter.
— Eg meiner mjølkeprosjektet er svært positivt. Det viktigaste er å halde oppe eit godt miljø. Dersom alle naboane sluttar med mjølkeproduksjon, blir det fort til at ein sluttar sjølv også, seier han.

Framtidsretta
Mobiliseringsprosjektet er eit initiativ frå Bondelaga og kommunane i samarbeid med TINE og Fylkesmannen i Rogaland.
Prosjektet omfattar kommunane Vindafjord, Karmøy, Tysvær, Haugesund, Bokn og Sauda. I dette området er det for tida 450 mjølkeprodusentar. Kommunane, Innovasjon Noreg, Haugesund Sparebank og SR-Bank finansierer prosjektet.
— Eg skal vere ein støttespelar for bønder som kjempar med den byråkratiske jungelen. I samarbeid med bøndene skal eg finne løysingar på korleis ein bør fornye bygningar og anna driftsapparat, leggje til rette for utbyggingsprosjekt for enkeltbruk og samdrifter, samt finne framtidsretta arbeidsformer. Mange sel mjølkekvotane sine til Jæren. Det er ei veldig dårleg utvikling, som me må prøve å bremse, seier Gjertrud Svartveit Osmundsen.

Vil byggje nytt
Alf Egil Vaula, Paul Viland og Robert Nordtveit, trekløveret bak Spartveit Samdrift, vil byggje ein felles fjøs. I dag må dei samkjøre fire bygg. Det er ein tungvint måte å drive på. Truleg står den nye fjøsen ferdig om to-tre år.
— Nå som me har slått oss saman trudde eg at eg skulle få betre tid, men det har heller blitt motsett. Sidan me mista 120.000 kroner i statleg stønad ved å drive samdrift, må me kompensere med auka produksjon. I tillegg til fleire dyr, har me også fått 70-80 mål meir jord å skjøtte, seier han.
Alf Egil Vaula fortel at det er både minus- og plussider ved samdrift.
— Det som er litt dumt med samdrift er at eg ikkje lenger er min eigen herre. Eg må heile tida ta omsyn til to andre. Det positive er at eg har det meir sosialt på jobb og meir ordna fritid. I år har eg hatt fire vekers ferie, og det er det lenge sidan eg har hatt, seier Alf Egil Vaula.
Gjertrud Svartveit Osmundsen trur at det vil bli stadig fleire samdrifter.
— Investeringsbehovet i ny bygningsmasse er stort. Denne kostnaden klarer ein sjeldan åleine, og behovet for samdrift tvingar seg fram, seier Gjertrud Svartveit Osmundsen.