Skal løpe for Noreg

— Eg gleder meg veldig til å løpe i den norske landslagsdrakta igjen. Det var […]

— Eg gleder meg veldig til å løpe i den norske landslagsdrakta igjen. Det var både inspirerande og ikkje minst ei stor oppleving å løpe i raudt, kvitt og blått for eitt år sidan. Det sette ein ekstra spiss på det at vi gjekk til topps. Først på den siste etappen i den 320 kilometer lange stafetten fall avgjersla, seier Roy Kaldheim. Han har slite med skader og har knapt konkurrert så langt i år. Fysikalsk behandling og alternativ trening har Kaldheim benytta for å komme tilbake. Milslukaren fekk seg ei vitamininnsprøyting då Jørn Holmen ringte for to månader sidan. Holmen kunne fortelje at han ville ha med seg Roy på det laget som skal forsvare dei norske fargane i St.Olavsloppet.
— Det var ein telefon eg sette umåteleg stor pris på. Var på det tidspunktet innstilt på at det kanskje ikkje ville bli nokon løp på meg før til hausten. Eg har sykla og løpt litt på fjellet for å vere best mogleg førebudd til løpsfesten i grensetraktene. I fjor løp eg tre etappar. I år blir det neppe meir enn to. Må tenkje litt på totalbelastninga. Eg har forstått det på trener Jørn Holmen som at både Sverige og Danmark mønstrar betre lag enn dei gjorde for eitt år sidan. Svenskane og danskane gav oss kamp. Det var først på den siste halvmaratonetappen inn til Østersund at avgjersla fall. Det losna skikkeleg for meg i St.Olavsloppet i fjor. I etterkant av dette arrangementet blei det mykje å glede seg over.
Håper på suksess
— Kva forventningar har du når du nå trekkjer den norske landslagsdrakta over hovudet?
— Eg håper å bidra til at vi gjer ein god figur. Positivt vil det også vere dersom eg kan løpe to etappar utan smerter. I så fall vil det vere eit teikn på at eg er på betringas veg. Eg var i aksjon for Haugesund i Holmenkollstafetten i mai. Ser i ettertid at eg burde ha stått over ettersom skaden forverra seg. Men eg tenkte mest på laget og blei berre verre i beina. I følgje fysioterapeuten har opptreninga gått bra. Det skal bli interessant å sjå om føtene tåler den belastninga det er å løpe på asfalt, seier Kaldheim. Han kryssar fingrar for at det blir fint ver og like stor stemning som i fjor. Då var det mange tusen tilskodarar som kransa løypa.
I år er det påmeldt nesten 200 lag og 6 000 løparar. Dei kjem heilt klart til å setje sitt preg på dei godt og vel 30 mila mellom Østersund og Trondheim. Lagleiar Jørn Holmen har stor tru på at Noreg kan vere med og kjempe om samanlagtsigeren. Holmen fortel at dei på papiret har eit sterkare lag denne gongen. Det har Gjesdal-eldsjela ein mistanke om at også utfordrarane har. Det ligg i korta at det vil bli ein spennande stafett.